Hopp til innhold

Måtte avbryte berginga av sauene

Dei seks sauane som står faste på fjellhylla 425 meter over bakken i Lærdal endar sine dagar der.

Her står sauene faste på hylla.

FASTE: Her står sauene faste 425 meter over havet. Bergingsaksjonen mislukkast, og sauene får ingen ny vår på fjellbeite.

Foto: Jan Christian Jerving

– Når vi låg der oppe, så raste det is ned i juvet. Så den ein sida var det uaktuelt å gå, fortel Vilde Mikael Rostad, ein av klatrarane som ville prøve å få sauene ned frå fjellhylla i Lærdal.

Saman med Sjur Eirik Hammersland la han seg laurdag kveld til rette på ei smal fjellhylle, for å vere klare til å berge sauene neste dag.

Vilde Mikael Rostad

TRONGT: Klatrar Vilde Mikael Rostad og kameraten hadde ikkje mykje plass å bevege seg på på fjellhylla natt til søndag. (Arkivbilete).

Foto: Privat

– Det var akkurat nok plass til at to mannfolk kunne ligge tett inntil kvarandre, og ha eit kokeapparat på sida. Alt låg på skeive, fortel han om overnattinga ute i ruskete Vestlandsvêr.

Utfordrande tilhøve

Sauene har truleg stått på hyllene i underkant av ei veke, etter å ha vore sakna i heile haust. Dei var ikkje med resten av flokken heim til garden til bonde Gro Nybø. Det rasa is ned i juvet som klatrarane måtte ned til for å kome seg vidare ned til sauene som står faste på to små fjellhyller 425 meter over bakken.

– Så i dag tidleg skrinla vi i grunn at det gjekk an å berge sauene, men vi klatra 150 meter ned. Det var bratt og det rasa kring oss. Vi fann ut at det er mykje god læring i erfaring, men det er viktig å ta den erfaringa med seg vidare også, seier Rostad på telefon på veg ned til fast og trygg grunn.

Gro Nybø har følgt nøye med på det som har skjedd oppe i fjellet siste dagane.

EINASTE MOGLEGHEITA: Gro Nybø seier at å skyte sauene frå bakken er den einaste moglegheita dei har att, når dei ikkje klarar å kome seg til dei.

Foto: Jan Christian Jerving

Hadde dei hatt meir tau og fleire folk trur han dei kunne gjennomført berginga. Før dei kom seg opp på fjellet laurdag ramla ein av sauene som stod fast utfor og døydde. Fem sauer står att, men det blir ingen ny vår på desse fortel bonde Gro Nybø.

– Dei kan ikkje bli ståande å svelte. Så når vi ikkje kjem oss ned til dei, må vi prøve å skyte dei nede frå bakken. Det er ingen kjekk situasjon, men det er den siste moglegheita vi har att.