NRK Meny
Normal

Mats Solheim klar for Kalmar

Stryningen Mats Solheim er klar for den svenske toppklubben Kalmar.

Mats Solheim

BYTER KLUBB: Mats Solheim flyttar no til Sverige for å spele i Allsvenskan.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Solheim spelar i dag i Sogndal, men kontrakten går ut ved nyttår. Solheim går difor gratis til den svenske klubben. Han er ein av spelarane Sogndal har hatt lyst å behalde i troppen .

Den 23-årige forsvarsspelaren skal starte i klubben i januar 2012. Kontrakten er på 3,5 år, skriv klubben på nettsida si.

Solheim har vore i Sogndal sidan 2006, og seier det blir litt trist å forlate klubben.

– Eg har jo vore her lenge. Men slik er det i fotballverda, at folk flyttar på seg. Eg føler eg har fått utvikla meg bra og fått masse tillit i Sogndal, men eg følte det var rett å flytte på seg når tilbodet kom, seier han til NRK.no.

Han valde Kalmar fordi dei har vist stor interesse for han.

– Eg ser på dette som ei stor moglegheit for meg til å ta ei steg vidare. Det er veldig interessant å prøve seg i Sverige.

Kalmar ligg i dag på sjuande plass i den svenske toppserien - Allsvenskan.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.