NRK Meny
Normal

Mats og Thee skapar historier om framtida for irakiske barn

Mats Muri frå Førde lagar film om irakiske barn sin oppvekst i det krigsherja landet Irak saman med kameraten Thee Yezen. Han ønskjer å fortelje historier om dei som er framtida til landet.

Mats Muri i Kurdistan

FILMSKAPAR: Mats Muri frå Førde lagar film om barn i Kurdistan. Der har han møtt mange sterke historier.

Foto: Mats Muri

Yezen og barn fra Mosul i et telt i Hassan Sham Camp

BARN: Eit barn frå Mosul i eit telt i Hassan Sham Camp.

Foto: Mats Muri

– For eit par dagar sidan møtte vi ein 10 år gamal gut som allereie hadde prøvd å ta livet sitt tre gonger. Då forstår vi realiteten i det som skjer her, fortel Mats Muri.

24-åringen frå Førde er filmskapar og er for tida i Erbil i Kurdistan, som er ein del av Irak. Der kjem han også til å feire jul i år. Saman med kameraten Thee Yezen al Obaide ønskjer han å formidle historiene til barn som lever i krig og elende.

– Deira historier er ofte usensurerte og presenterte på ein måte som når ein annan plass i hjartet vårt. I tillegg er dei jo dette landets framtid, seier Muri.

Krig og korrupsjon

Søppelfylling i Erbil

SØPPELFYLLING: Her lever det menneske som samlar på det dei finn på fyllinga. Muri følgjer eit barn herifrå i filmen.

Foto: Mats Muri

Førdianaren fortel at Kurdistan er eit land som har opplevd oljerikdom, men at klasseskiljet i landet er stort, og at dei fattige i landet ikkje får den hjelpa dei treng frå myndigheitene, men har dårlege levekår og dårleg økonomi.

– Erbil er ein relativt sivilisert og trygg by med eit synleg preg av oljerikdom, men landet er sterkt prega av korrupsjon, fortel Muri.

80 kilometer unna ligg den irakiske byen Mosul, der store delar er okkupert av IS, og Muri fortel at det stadig kjem flyktningar til Erbil frå den krigsråka byen.

Draumen om framtida

Thee Yezen al Obaide

FILMSKAPAR: Thee Yezen al Obaide er initiativtakar til filmen.

Foto: Mats Muri

Han undrar seg over korleis Irak vil klare seg når den neste generasjonen veks opp med drap, sorg og flukt, og korleis barna blir påverka av situasjonen i landet.

Muri har no valt fire barn som han skal følgje dei resterande 18 dagane av opphaldet i Irak.

– Eg trur vi har kome fram til fire barn og historier som skil seg frå kvarandre, både med omsyn til religion, bakgrunn, familiesituasjon, levekår og den noverande tilstanden dei er i. Dette blir ein film med utgangspunkt i fortida og traumene deira, men med fokus på draumane deira om framtida, fortel han.

Kålrabistappe og «Reisen til julestjerna»

To barn i Hassan Sham Camp Kurdistan

FRED: To barn i Hassan Sham Camp i Kurdistan viser fredsteiknet.

Foto: Mats Muri

Muri seier at han og kameraten lever trygt og på god avstand frå frontlinja, men at han blir prega av det som skjer. Han meiner filmen han lagar er relevant også for nordmenn, då det er mange menneske frå andre land og kulturar som søker tilflukt i Norge.

– Det blir venta at dei skal integrerast, men med ein bakgrunn så annleis enn vår, korleis kan vi forstå kvarandre? Å lytte til forteljingane frå barn herifrå kan forhåpentlegvis gi eit innblikk i kva våre eigne nykomne har vore gjennom og lære oss at dette er noko vi må ta stilling til, seier han.

Mats Muri

FRÅ FØRDE: Mats Muri filmar born i Erbil i Kurdistan.

Foto: Mats Muri

Muri innrømmer at han vil sakne å feire jul saman med familien i Førde, men at han ikkje kjem til å gløyme høgtida heilt når han er i Irak.

– Eg er veldig stolt og veldig glad for at eg har foreldre som støttar meg når eg vil dra til Irak og lage film, i staden for å ete kålrabistappe og sjå reisa til julestjerna for 76. gong, fortel han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast