Hopp til innhold

Matrosmangel trugar ferjetrafikk

Ferjer står dagleg i fare for å verte innstillte på grunn av akutt mangel på sjøfolk.

Ferje til kai på Fodnes
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Administrerande direktør i Fjord1 fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, seier dei manglar alt få offiserar til matrosar.

- No om sommarsesongen er situasjonen kritisk. Vi har ei dagleg utfordring i å få fatt i nok kvalifisert sjøfolk for å bemanne dei ulike ferjene og båtane som vi har i operasjon, seier han.

Nokon må lide

Takka vere pensjonistar og velvillige tilsette, har Fylkesbaatane så langt klart å unngå innstillingar. Kristoffersen seier situasjonen er kritisk og at sambandet med fleire ferjer som Mannheller Fodnes er dei fyrste som kan bli råka.

- Om det er nokon som må lide, så er det der du har fleire einingar på same ferjestrekke, seier han.

- Noko må gjerast

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane at det er akutt mangel på kvalifisert sjøfolk. I nord har reiarlag som Hurtigruten måtte innstille ferjer i to veker i sommar. Kristoffersen veit at det i sommar kan bli uhaldbart på Lavik Oppedal eller Mannheller Fodnes om ei ferje må ligge i ro. Han meiner at noko må gjerast.

- Kapasiteten for utdanning er for liten. Det er den enden. Den andre enden vi har sett litt på er sjølvsagt at pensjonistar kunne fått høve til å stå lenger i yrket utan at dei vert straffa med avkorta pensjon.

Rømmer til Nordsjøen

Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag Nils Myklebust meiner at den gunstige skatteordninga til offshore-flåten, kalla nettolønnsordning, gjer at sjøfolket forsvinn i Nordsjøen der får betre betalt.