Vêrgudane spelte på lag under Matamål på Sandane.
Matamål på Sandane
Matamål på Sandane finn stad like Heradshuset i sentrum av Sandane.
Både små og store var innom på standen til Lærdal brannvesen under Haustmarknaden i Lærdal.
Brannvesenet i Lærdal var på plass og viste fram noko av utstyret sitt under Haustmarknaden i Lærdal. Blant gjestane var ein overivrig brannmann frå Dubai. Han var interessert i alt utstyret det lokale brannvesenet hadde. Han fekk også vere med på nokre demontrasjonar av brannsløkking.
Grønsaker i alle fargar var å sjå på marknadsbodene.
Det var om lag 50 forskjellige typar grønsaker å velje mellom for dei som ville ha med seg noko sunt og godt heimatt frå haustmarknaden i Lærdal.
Lærdal er kjent for å ha svært gode forhold for poteter, og ikkje overraskande fekk også folk sjanse til å kjøpe med seg ekte lærdalspoteter heim frå marknaden.
Den einaste sjokoladefabrikken i fylket, Sognefjord Sjokolade, hadde også stand under marknaden i Lærdal.
Thomas Grøttebø fekk mange besøkande innom i løpet av marknadshelga. Her kunne folk få kjøpe alle sortar kaffi og noko å bite i.
Det var mykje å velje mellom for dei søtsjuke under Haustmarknaden i Lærdal denne helga.
"Smak av haust" var teamet på kakekonkurransen under årets haustmarknad i Lærdal. Det var fem gode kandidatar med, og denne kake er laga av 12 år gamle Anja Evensen Brugrand. Ho stakk også av med sigeren.
12 år gamle Anja Evensen Brugrand stakk av med sigeren i kakekonkurransen under marknaden i Lærdal denne helga.
Folk kunne få ein smakebit på mykje forskjellig lokalmat under marknaden i Lærdal. Alt frå rakfisk til geitost frå Undredal.
Store og små kosa seg i dei berømte gatene på gamle Lærdalsøyri.
Mange var innom for å få med seg grønsaker frå det flotte grønsakstorget som var på plass. Ernesto Labarca frå Lærdal Torg hadde ansvaret for denne delen av marknaden.
Ernesto Labarca frå Lærdal Torg hadde ansvar for eit stort grønsakstorg under marknaden. Her saman med medarbeidsutvalet for marknaden, Astrid Trulssen, Jon Tamnes og Marianne Voldum.