Hopp til innhold

Matkjendis meiner Nortura har skulda for dumpingsal av sauekjøt

– Nortura har ein stor del av skulda for den kraftige overproduksjonen av sau- og lammekjøt. Marknadsføringa har svikta, meiner kokkekjendis Andreas Viestad.

Andreas Viestad

KRITISK: Programleiar og matspaltist Andreas Viestad meiner Nortura burde gjort meir for å marknadsføre sal av fårekjøt.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Det seier programleiaren og matspaltisten Andreas Viestad. Viestad er mellom anna programleiar i ein engelskspråkleg TV-serie om mat og er fagleg ansvarleg for Geitmyra matkultursenter for barn i Oslo. Han har også skrive fleire matbøker.

– Det verkar som om Nortura ikkje forstår kor verdifullt og anvendeleg sauekjøtet er. Marknadsføringa må bli mykje betre, seier han.

Bakteppet er den store overproduksjonen av sau -og lammekjøt. Ved inngangen var 2017 var det 3000 tonn sau- og lammekjøt på fryselager som ikkje vart seld. I løpet av året er det eksportert store mengder ut landet til låge prisar. Afghanistan er eit av landa som har importert sauekjøt frå Norge.

Sjering av sauekjøt ved Nortura sitt anlegg i Førde.

SAU: Det er stor overproduksjon av sau- og lammekjøt, noko som har ført til svært låge prisar for norske bønder. Her ved Nortura sitt slakteri på Reset i Førde.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Fekk fem øre kiloen for kjøtet

Ved slutten av året går det igjen mot at store mengder sau- og lammekjøt må på fryselager fordi ein ikkje får det seld. Den store overproduksjonen gjer at enkelte sauebønder har fått heilt ned i fem øre kiloen for sauekjøtet.

Kommunikasjonsdirektør i Nortura, Ellen Flø Skagen, meiner mykje av kritikken frå Viestad er urettferdig.

– Det har vore jobba formidabelt for å få folk til å ete meir sau og lam gjennom heile året. Det har aldri vore meir lammeprodukt til påske, gjennom våren og ikkje minst i grillsesongen. Dette gjer at salet auka med 40 prosent, seier ho.

Godt sal berre nokre månader

Rakel Sunde, butikksjef ved Coop Mega i Førde, fortel om godt sal av lammekjøt i september, oktober og november, men at det elles går lite.

Rakel Sunde, butikksjef Coop Mega Førde

MEIR SAL: Rakel Sunde, butikksjef ved Coop Mega i Førde, vedgår at butikkane kunne gjort meir for å marknadsføre sau- og lammekjøt utanfor toppsesongen.

Foto: Bård Siem / NRK

Sunde vedgår at marknadsføringa kunne vore betre utanfor hovudsesongen.

– Det kunne kanskje vore betre marknadsføring av kjøtet gjennom heile året, seier ho.