Hopp til innhold

Matjorda vann i striden om fleirbrukshall i Jølster

JØLSTER (NRK): Mange har vore opptekne av at Jølster ikkje må nytte matjord når dei skal byggje ny fleirbrukshall i kommunen. I kveld vart det klart at matjorda får stå i fred, men ei kunstgrasbane forsvinn.

Kunstgrasbana på Øyaflata på Vassenden

HER SKAL BANA LIGGE: På Øyaflata på Vassenden skal det byggjast ny fleirbrukshall

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Dette er ganske historisk, at eit samla kommunestyre no går inn for å byggje fleirbrukshall på Vassenden. Det er veldig kjekt, seier ordførar i Jølster Oddmund Klakegg (Sp).

Saka om kor den nye idrettshallen i kommunen skal liggje, har nemleg vore heftig diskutert i fleire år.

Oddmund Klakegg

NØGD: Ordførar Oddmund Klakegg er strålande fornøgd med vedtaket som vart gjort i Jølster kommunestyre tysdag.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Rett bak skulen på Vassenden i Jølster ligg det seks mål med dyrka mark som har vore diskutert å bruke til å byggje ein ny fleirbrukshall. Bonden som driv jorda har vore negativ.

– Det finst ikkje mykje dyrka jord i Noreg, så det er viktig at vi tar vare på det vi har, sa Jostein Gjesdal tidlegare denne veka.

Også fleire politikarar og bondeorganisasjonane har engasjert seg for vern av den fruktbare matjorda på Vassenden.

Les også: Har krangla i årevis

Skal byggje på ei kunstgrasbane

No er det klart at fleirbrukshallen i staden kjem på «Øyaflata», der det i dag ligg ei fotballbane. Det var Senterpartiet, SV, Ap og Høgre som kom med det forslaget.

Formannskapet valde tidlegare i oktober å leggje vekk alternativet om å byggje fleirbrukshallen på matjorda til Gjesdal. Som alternativ har det vore tale om å enten legge hallen der kunstgrasbana ligg, eller på området der Mo og Jølster vidaregåande skule tidlegare låg.

Venstrerepresentantane i Jølster

SNUDDE I SISTE LITEN: Venstre snudde, og vart med på framlegget om å byggje fleirbrukshall på den noverande kunstgrasbana på Vassenden.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Venstre ville ta matjorda, vart i staden med på fellesframlegg

Sjølv om formannskapet har gått inn for å verne matjorda, har mellom anna Venstre varsla at dei i kveld ville fremje forslaget på nytt i kveld.

Dei tykte at det er for gale om ein skal ta kunstgrasbana.

– Det vil vere eit smerteleg tap for ungane og skulen å miste Øyaflata. Bana er veldig mykje brukt, sa Judith Kapstad i Venstre tidlegare denne veka.

Likevel røysta også Venstre for det framlegget som vart samrøystes vedteke av kommunestyret, som altså går ut over nettopp kunstgrasbana.

– Når vi ikkje vann fram med vårt syn, røysta vi for det alternativet som vann. Vi ser at det er veldig viktig for Jølster å få på plass ein fleirbrukshall, seier Kapstad etter møtet.