Hopp til innhold

Matilde har hagen som eit måleri

ASKVOLL (NRK): Matilde Nordanger i Askvoll brukar hagen som eit måleri som ho alltid målar på.

Matilde Nordanger i Askvoll brukar hagen som ein brei pensel, den er som eit måleri som ho alltid målar på. Ho tykkjer ikkje det er ein hage som ropar.

SJÅ VIDEO: Mathilde Nordanger meiner blomane ikkje skal spele solofiolin, men vere eit heilt orkester i hagen.

Ja det er jo ein naturhage då, ein fjellhage. Eg passar veldig nøye på at det ikkje kjem inn plantar som skjer ut i fargane, og som liksom ikkje høyrer til.

For det må vere rette fargane. Hagen hennar endra seg i takt med tida. Matilde Nordanger starta med hagen sin i Askvoll i 1976.

– Etter kvart som du jobbar i hagen og ein er i lag med folk med same interesse, så får du litt større plantekunnskap og du ser kva som passar i din eigen hage. Og så er det jo slik at det er jo ikkje alt som har lyst til å leve der. Det hender dei mistrivst, fortel ho.

Og viss plantane ikkje likar seg i hagen hennar, blir dei forvist utanom gjerdet hennar.

Ho er alltid på jakt etter blomster som passar inn i floraen i hagen. Det skal ikkje vere slik at det er blomster som får lov å spele solofiolin, men at det skal vere eit orkester. Det skal vere som i naturen.

Ein hage som ikkje ropar

Ho er i tillegg hobby-snikkar og lika å skape ting. Det siste prosjektet er ein platting nedanfor huset. Ho teikna det sjølv og snikra uteplassen med innebygd badekar

– Dette er min hobby gjennom vinteren og det var jo ei veldig koseleg oppgåve då. Det vart til litt etter kvart.

Ho tykkjer det er ein hage som ikkje ropar. Den har gjennom snart 40 år vorte som eit måleri, Med ein brei pensel har ho måla inn nye fargar, og plantevalet har endra seg.

– Men ein ting har vore der heile tida, nemleg dammen.

Hagen i Askvoll

FONTENE: Denne dammen er den einaste som ikkje har endra seg i hagen til Matilde Nordanger.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Eit ansikt heile året

Hagen skal ha eit ansikt heile året, meiner ho. Den skal vere vakker om vinteren også. For dei vintergrøne plantane har veldig mange ulike grønfargar, og når alt det andre går vekk, så blir dei fargane ståande att.

Utanfor gjerdet står dei plantane som ikkje ville trivast sjå ho. Her var det tidlegare berre villnis.

Så dette viser at kanskje det er med blomster som med oss, at når jordsmonnet er rett sjølv om det er magert, så blomstrar ein.

Det er ikkje ofte Matilde slappar av. Men når ho gjer det, planlegg ho neste arbeidsøkt.

– Eg tenkjer helst at kanskje det kan vere fint med ein ny farge der i det bedet, kanskje det kan vere fint med eit nytt innslag der eller der, så eg planlegge nye trekk.

Du kan sjå innslag med Matilde Nordanger i Grønn Glede tysdag 2. juni kl. 19.45 på NRK 1. Du kan også sjå programmet i nett-TV.