NRK Meny
Normal

Mathias heldt nullen – no får han kake

Mathias Mortensen stod som ein mur i Florø sitt mål under Dana Cup. Så glade er trenar og lagekameratar for det at dei vil spandere kake.

Florø sitt gutar 16-lag under Dana Cup

KEEPERHELT: Florø sitt gutar 16-lag er svært godt nøgde med keeperen sin.

Åtte lag frå Sogn og Fjordane deltek på Dana Cup i Danmark denne veka. Sju av dei nådde fram til A-sluttspelet.

Blant dei eit Florø sit gutar 16-lag. Bakarste mann på laget har gjort ein heiderleg innsats med å halde nettet tomt i løpet av både innleiande rundar og sluttspel.

Får kake – uansett

Florø-laget sin trenar Terje Andersen er svært nøgd med det heile laget har vist.

– Vi vann dei tre innleiande kampane våre, med 3-0, 1–0 og 2–0. Vi slapp heller ikkje inn mål i 32.-delsfinalen som vi vann. 16.-delsfinalen vann vi også og 8.-delsfinalen vann vi på straffespark.

Han seier heile laget har vist seg fram.

– Dette er ein godt samansveisa gjeng som har spelt saman i mange år, seier han.

Og sjølv om han er godt nøgd med laget samla, er det litt ekstra stas med ein keeper som ikkje slepp inn eit einaste spelemål på mange kampar.

– Vi har lovd keeperen vår kake, uansett korleis det går seinare i dag, sa Andersen då NRK snakka med han fredag ettermiddag.

Mortensen sjølv synest det er stor stas.

– Det er kjempekjekt.

– Er du glad i kake?

– Ja, gliser han.

Etter at NRK snakka med florøværingane tapte laget den siste kampen mot Holmen. Men kake vart det nok likevel.

Kaupanger klare for finale

Kaupanger sitt jente 16-lag er etter siger over Ullensaker-Kisa i ettermiddag klare for A-finale i morgon tidleg. Då møter dei Forus & Gausel IL.

NRK snakka med trenar Martin Dolvik litt tidlegare i dag, då laget akkurat hadde vunne 5–4 på straffe mot Viking.

– Det såg lenge ut til at det første laget som gjorde ein feil kom til å bli straffa for det, men det var ingen som gjorde så store feil. Dermed enda det i straffekonkurransen, fortalde Dolvik og la ikkje skjul på at enkelte på laget ønskte det velkommen.

Jubla over straffekonkurranse

– Vi har ein keeper som seier «Yes» når det blir straffekonkurransen, og det trur eg ikkje det er mange andre som har.

Målvakta som jubla over straffekonkurranse var Aina Kvam.

– Eg synest det er bra at vi vinn. Straffekonkurransen er ei utfordring, men vi står i det.

Kaupanger-jentene vann altså både kvartfinalen og semifinalen og er no klare for finale.

– Vi får satse på at vi vinn heile greia, seier Kvam.

Vegopning på Bergum i Førde kommune