Hopp til innhold

Mathias (20) er budd på å bli Sogndals unge bauta

LA MANGA (NRK): Mathias Dyngeland (20) blir blant dei yngste sisteskansane når eliteserien rullar i gang. – Det viser at Sogndal vågar, og at dei lit på meg, seier bergensaren.

Bergensaren Mathias Dyngeland er berre 20 år gamal. Og førstekeeper i eliteserien.

SJÅ VIDEO: Dersom Mathias Dyngeland gjer feil, brukar han berre femti sekund på å gløyme den.

Dei fleste klubbane hadde nok truleg sett etter meir rutine mellom stengene, men Sogndal tviheld på 20-åringen som sin keeper når dei igjen skal ete kirsebær med dei store.

Berre Odd og FK Haugesund har yngre førstekeeperar i høvesvis Sondre Rossbach og Per Kristian Bråtveit.

– Eg håpar dei ser potensial og dugleik i meg. Sogndal henta meg tidleg og har bygt meg fram gjennom jamlege treningar med keepertrenar Terje. Han er dyktig og har følgt meg opp, dag ut og dag inn, seier den tidlegare Fana-keeperen.

På landslaget

Mathias Dyngeland

FAST: Mathias Dyngeland har etablert seg som Eirik Bakke sin førstekeeper.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Bergensaren kom til Sogndal som eit heilt ubeskrive blad før 2012-sesongen. Sidan har han etablert seg som førstekeeper på Sogndal og på U21-landslaget.

Han har funne seg godt til rette i bygda og takkar Sogndal for tilliten han har fått mellom stengene.

– Det gir meg tryggleik at eg kan vise meg fram og gjere det eg kan, seier han.

2014 vart ein tøff sesong, som etter kvart enda i nedrykk frå eliteserien. Men fjorårssesongen vart ein einaste opptur, med direkteopprykk.

Ung bauta

Når Sogndal går på sin comebacksesong på øvste nivå, er Dyngeland budd på ein kamp på nedre halvdel.

Og det vil kvile mykje ansvar på dei unge keeperskuldrane.

– Sjølv om eg er berre 20 år, så må eg vere med å dra lasset og vere ein av bautaene der bak. Det krev mykje mentalt og fysisk. Det blir ein del kampar, men for det meste ser eg fram til den store utfordringa det er å spele i Tippeligaen, seier han.

Vil vere stabil

Sjølv ynskjer han å etablere seg som ein stabil keeper gjennom heile sesongen.

– Eg vil ikkje vere ein keeper som har ein god dag på jobben og neste dag slepp inn tre mål som er min feil. Eg ynskjer å spele kvar kamp i Tippeligaen og hjelpe laget å gjere det bra.

– Alle keeperar gjer feil i blant. Kva gjer du for å vere budd til neste kamp, etter å ha hatt ei dårleg oppleving?

– Eg snakkar ganske mykje, og lever meg veldig inn i spelet. Gjer eg ein feil, så er den gløymt femti sekund etterpå. Sjølvsagt går det på konsentrasjon og fokus, men eg håpar å komme meg gjennom sesongen utan tabbar.