NRK Meny
Normal

Materielle skadar etter hjortepåkøyrsel

Førar og passasjer kom uskadde frå hendinga. Hjorten måtte bøte med livet.

Laster kart, vennligst vent...

FRÅ OPPEDAL MOT BREKKE: Det var på E39 mellom Oppedal og avkøyring til Brekke at ein bil køyrde av vegen.

Ein bil med to personar køyrde på ein hjort mellom Oppedal og avkøyring til Brekke natt til laurdag. Samanstøyten gjorde at bilen køyrde av vegen.

Det blei først meld om lettare skader på personane i bilen. Då ambulanse kom fram til staden viste det seg at førar og passasjer var uskadde.

Laster Twitter-innhold

Bilen fekk materielle skader av påkøyrselen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune