NRK Meny
Normal

Stor vasslekkasje: – Mykje er gått tapt

Store mengder vatn samla seg opp på taket av næringsbygget og lekte ned i lokala til avisa. – Målet er å få ut avisa i morgon, seier redaktøren.

Firdaposten

LEKKASJAR: Slik ser det ut i Firdaposten sine lokale. Store mengder vatn har lekt gjennom taket og inn i redaksjonen.

Foto: David E. Antonsen, Firdaposten

Lekkasje i Firdaposten

SAMLAR VATNET: Det kom mykje vatn ned frå taket.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Firdaposten måtte evakuere ut av sine lokale torsdag morgon. Årsaka var ein stor vassdam på taket av bygget, som igjen førte til store vasslekkasjar i lokala til avisa.

Redaktør i avisa, Svend Arne Vee, våga ikkje å skru på straumen i lokala, då det var mykje vatn i rommet. Han måtte finne fram bytter og spade og ause vatn opp i stampar.

– Lokala står under vatn og vi måtte gripe det vi kunne og springe ut av bygget, fortel han.

Også E. Natvik Prenteverk held til i dei same lokala.

– Der er det større skadar og det kjem til å koste mykje pengar, seier Vee.

Torsdag ettermiddag har redaktøren fått meir oversikt over situasjonen, og er optimistisk.

– Det er ikkje så store øydeleggingar for oss, og det tekniske fungerer greitt.

Vatn på taket på Firdaposten

MANGE TUSEN LITER: Slik såg det då Tor Helge Husevåg sjekka taket i dag tidleg.

Foto: Tor Helge Husevåg

– Avisa skal i trykken

Svend Arne Vee

SER PÅ SKADANE: Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten seier dei prøvde å berge mest mogleg.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Taket på næringsbygget som Firdaposten held til i er flatt, og ifølge Firda skal så mykje som 145 000 liter vatn ha samla seg opp på toppen.

Firdaposten har no flytta til midlertidige lokale sjå A til Å i Horne Brygge, og vil produsere avisa derifrå inntil vidare.

– Vi er veldig takksame for at vi får lov til å vere her no, også må vi prøve å finne noko meir permanent på sikt. fortel Vee.

Målet hans er å fortsette produksjonen som vanleg.

– Vi er vande til å vere fleksible. Og avisa kjem i postkassa på fredag, lovar Vee.

Lekkasje i Firdaposten

TØRKAR OPP: Mykje vatn måtte fjernast frå golvet.

Foto: Kathrine Nygård / NRK