– Som spiss på benken har eg alltid i tankane at eg skal komme inn og avgjere kampen, seier Tim André Nilsen.
– Men eg vil sikkert irritere meg over min eigen innsats i kveld. Eg burde ha hatt eit mål til, og eg er ikkje nøgd med min eigen prestasjon spelemessig i dag, seier han til NRK.no.
– Litt spesielt at slikt kjem frå ein målscorar...?
– Ja, det kan du kanskje seie. Ein spiss skal score mål, men han skal gjere medspelarane gode også. Eg var ikkje god nok til det i dag, seier Nilsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Innbytarane spelte avgjerande rolle
Medan Sogndal stanga og stanga mot forsvarsmuren til Sandnes Ulf, kom Nilsen inn frå benken for Ulrik Flo åtte minutt ut i andre omgang.
Seinare kom også Kristian Fardal Opseth inn for Mahatma Otoo. Det skulle vise seg å vere eit sjakktrekk frå trenar Jonas Olsson - for duoen var heilt sentrale då Sogndal avgjorde oppgjeret tre minutt på overtid:
Opseth vann ballen ute på høgresida og fekk slått ballen inn i feltet, der han vart stussa vidare. Nilsen kasta seg rundt på akrobatisk vis og fekk lurt ballen i mål bak ein utspelt keeper.
Då sleppte 2827 tilskodarar jubelen laus - og det gjorde også spelarane. Etter ein kamp med mange nesten-sjansar var målet ekstra viktig.
– Det er klart scoringa betyr mykje for oss. Den betyr nesten alt, seier Nilsen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
– Bra med kamp om spissplassane
Sjølv har den tidlegare Nest-Sotra-spissen sett seg som mål å score tre mål før fotballferien. No er han oppe i to - og ligg såleis godt an med tanke på det.
Mahatma Otoo står med fem mål, medan spisskollega Ulrik Flo har tre fulltreffarar så langt sesongen. Det er ein tøff kamp om spissplassane.
– Eg må ta vare på dei sjansane eg får, og jobbe steinhardt på trening, konstaterer Nilsen.
– Dette syner at vi har ein konkurransedyktig stall. Det er veldig bra at desse karane kjem inn og viser seg fram, seier Azar Karadas - som starta kampen som spiss, vart flytta ned som midtstoppar etter åtte minutt, og avslutta kampen som angripar...
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg kan bli skummel framover
Innbytarkollega Kristian Fardal Opseth kom inn frå benken med eit kvarter igjen å spele. Han har framleis til gode å score i eliteserien etter overgangen frå andredivisjon, men meiner formen er i anmarsj.
– Eg var førebudd på at overgangen kunne bli tøff, og eg har nok fått merke det - etter at eg først kom godt i gang med sesongen. Men eg trur eg kan bli skummel no framover, seier Opseth.
– Eg kjenner eg byrjar å komme betre inn i det. No er eg på gang igjen, seier mannen med den målgjevande pasninga.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sjansefattig kamp - seint mål
Sogndal var det førande laget gjennom heile kampen mot Sandnes Ulf. Bortelaget kom knapt til ein sjanse, medan Sogndal kom til fleire halvfarlege moglegheiter framfor Sandnes-buret.
Den største sjansen før scoringa hadde Petter Strand, som seks minutt inn i andre omgang fyrte av frå om lag 20 meter. Ballen gjekk i ein boge og trefte den borte stolpen.
Men alt tyda på at kampen skulle ebbe ut med eit kjedeleg 0-0-resultat då Tim André Nilsen endeleg sette fyr på Fosshaugane-publikum. Med tre poeng klatra Sogndal til 10. plass på tabellen - seks poeng ned til kvalik.
Etter ein tung start på sesongen, har Jonas Olsson og spelarane snudd trenden. Sogndal står no med fem strake kampar på rad utan tap i cup og serie.