Hopp til innhold

Mat, helse og naturbruk er mellom dei minst populære faga

Matfag, helse- og omsorg og naturbruk er mellom linjene som slit mest med rekrutteringa i dei vidaregåande skulane. Også kjemiprosess er lite populært i år.

Søkjartala til vidaregåande skular er klare

IKKJE SÅ POPULÆRE: Helsefag, kjemiprosesslinja og matfag er mellom dei linjene som slit med rekrutteringa.

Foto: Scanpix/Hydro/NRK

– Vi slit med rekrutteringa innan restaurant- og matfag. Det gjeld også naturbruksutdanninga og innan helse- og oppvekst. Dette gjeld mange fylke i Norge, ikkje berre her, seier fylkesdirektør Bekka Skaasheim i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dei fleste får førstevalet oppfylt

Bekka Skaasheim

MANGE FÅR ØNSKJET OPPFYLT: Bekka Skaasheim, fylkesdirektør i Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier 88 prosent har fått førstevalet oppfylt i første opptaket.

I dag kom tala til søkjarar til dei vidaregåande skulane. Dei aller fleste som har søkt seg til vidaregåande opplæring i fylket, får i dag tilbod om å starte til hausten.

Til saman 4638 har søkt om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skuleåret 2013–14. 3691 søkjarar får tilbod om å starte på det utdanningsprogrammet dei hadde øvst på lista si, når skuleåret tek til i august.

Det betyr at 88 prosent av dei som har søkt skuleplass, har kome inn på førstevalet sitt. 178 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring står utan tilbod etter første runde.

Berre fire vil byrje på kjemiprosess

I Årdal er det berre fire som har kjemiprosess som førstevalet sitt. Dermed står åtte plassar ledige etter første opptak. Skaasheim seier faget har hatt stor variasjon i søkjarmassen siste åra.

– I fjor var det 12 som starta, i år opplever vi ein svikt. Det er synd fordi det er gode moglegheiter for å ta ei fagutdanning vidare og utdanninga er direkte knytt til prosessindustrien i fylket. Men sjølv om det førebels berre er fire elevar no har plass, reknar eg tilbodet kjem i gang, seier ho.

Færrast søkjarar til Mo

Medan enkelte skular nærast har fylt opp alle plassane sine, er det andre som slit meir med rekrutteringa.

– Mo og Jølster vidaregåande skule har fyllingsgrad på 80 prosent. Det er den skulen som har mest ledig kapasitet og har ikkje så stort avvik frå i fjor. Men det er dramatisk når vi ser på rekrutteringa til naturbrukutdanninga. Det uroa oss veldig, seier ho.

Det er også god kapasitet på idrettsfaga ved dei skulane som har dette tilbodet. Også enkelte studiespesialiserande linjer har ledig plass.

– Det er særleg 2. året vi får utslag av det. Det kjem av at vi har god kapasitet innan desse faga.

Mange søkjarar til industriell produksjon

I vår har det vore ein stor debatt om kvar dei vidaregåande skulane skal liggje i framtid og kva linjer dei skal ha. Dette ser ikkje ut til å ha påverka kva ungdommane har søkt plass.

– Nei, det kan vi på ingen måte sjå, seier ho.

Der det står flest utan tilbod etter første opptaket, er innan teknikk og industriell produksjon. Det er jamt fordelt utover fylket og det er ikkje noko skular som skil seg ut.

– På vg2 er det innan elektro og teknikk og industriell produksjon det står fleste på venteliste. Også havbruk er populært.

Reknar med å starta alle tilboda

Det er om lag 300 ledige skuleplassar igjen og 180 utan skuleplass etter første opptaket. Bekka Skaasheim trur det heile skal gå i hop.

– Eg har trua på det og vi må løyse dette. Desse elevane har rett på eitt av tre ønskje og vi jobbar heilt på individnivå.

Ho trur at alle fagprogramma som ligg inne, kjem i gang.

– Alle linjene blir starta opp om det ikkje er ekstremt mange som trekkjer seg. Det pleier ikkje skje, seier ho.

Hugs å svare

Søkjarane har frist til 16. juli på å svare på om dei tek imot tilbodet eller ikkje. Dei som ikkje svarar innan fristen, mistar skuleplassen.

– Det er særdeles viktig er at dei som har fått tilbod svarar, viss ikkje kan dei miste skuleplassen sin. I tillegg er det viktig å svare for at dei som står og ventar eventuelt kan få eit tilbod. Hugs at det er mange søkjarar som står på venteliste til førstevala sine, seier ho.