Hopp til innhold

Mastetabbe av Telenor gav sommar utan mobildekning

Marita Aarvik og rundt 25 andre fastbuande i Årvika på Stadtlandet har vore utan mobildekning sidan slutten av juni. Dei er svært skuffa over telegiganten.

Marita Aarvik og mast på Stadtlandet

SKUFFA: Det er veldig dårlig av Telenor, meiner Marita Aarvik om arbeidet telegiganten gjorde, som førte til at fastbuande i området miste telefondekninga i 1,5 månadar.

Foto: Privat. NRK: Montasje

I slutten av juni skulle Telenor seinke ei mast i Årvik på Stadtlandet. Då plasserte selskapet antennene på masta for lågt. Brått var mobildekninga borte for rundt 25 fastbuande, fortel Marita Aarvik.

– Det veldig dårleg når eit selskap gjer eit arbeid som har sopass store konsekvensar for oss i området, seier ho.

– Skummelt

– Du er avhengig av mobilen i dag, og nyttar han til alt, også til jobb. Mobilen er ein del av livet vårt i dag, seier Aarvik.

Ho tykkjer det er skummelt å vere utan dekning.

– Fleire har meldt frå seg fasttelefon. Skal du ringe etter hjelp og ikkje har mobildekning, står du ganske fortvila att. Det er ikkje hjelp i å springe til naboen, for han har heller ikkje dekning, seier Aarvik.

Ho nemner eit eksempel frå like før dekninga forsvann. Ein nabo hadde fått eit illebefinnande. AMK vart varsla og ringde Aarvik, som er helsearbeidar og driv som førstehjelpsinstruktør, med spørsmål om å gå til naboen for å hjelpe til før ambulansen kom fram.

– Det var tidleg om morgonen og eg vart vekt av telefonen. Det er klart det er mobilen dei bruker når dei søkjer etter folk. Mobilen ligg som regel på nattbordet som vekkarklokke. Eg hadde ikkje høyrt fasttelefonen på kjøkenet, seier Aarvik.

Mykje tid innandørs i sommar

Marita Aarvik m/fam

KLAGE: Både Marita Aarvik og dottera har klaga fleire gonger. Her frå ein familietur.

Foto: Privat

Magne Ole Årvik jobbar i Fjord Shipping i Måløy. Dekningsproblema har gått ut over sommarferien hans. Utan dekning, har han blitt tvinga til å halde seg innandørs ved fasttelefonen i sommar.

– Eg har beredskapstelefon og eg skal vere tilgjengeleg. Eg må stort sett halde meg heime på mi fritid. På den måten låser du folk fast, seier Årvik.

Marita Aarvik seier dei har klaga. Mykje.

– Alle i bygda, pluss turistar, har klaga. Folk har ringt mange gonger. Klager har dei fått i bøtter og spann, seier ho.

Telenor beklagar og vil rette opp feilen

Rust og vanskeleg vedlikehald er grunnen til at masta vart seinka, ifølgje Telenor.

– Det er ikkje i vår interesse at kundane skal vere utan mobildekning. Dessverre såg me ikkje i konsekvensanalysen at så mange ville falle ut når me seinka desse antennene. Det beklagar me sterkt, seier Per A. Meling.

Han er informasjonssjef for Telenor i Sør-Norge, og fortel at nye og moderne antenner skal no monterast, ti meter høgare enn dagens.

Informasjonssjef for Vestlandet

BEKLAGAR: Telenor beklagar at dekninga vart borte, og lovar å rette han opp att i løpet av få dagar.

Foto: Telenor

– Me plasserte antennene for lågt i forhold til busetnaden i Årvika. For å atterreise dekninga i området er me nøydde til å heva antennene, seier Meling.

Dette skal skje i løpet av få dagar. Difor er ein sommar utan mobildekning snart over for folket i Årvika.

– Vi hadde håpa å kome opp i masta i går eller i dag, men entreprenøren har ikkje teke sjansen på grunn av vind. Dei tek sikte på betre ver på torsdag eller fredag, og då kryssar me fingrane for at dei får dette til.