Hopp til innhold

Hjortekalv fekk kjeven skoten av – fleire har meldt saka til politiet

Bileta av ein skadeskoten hjortekalv har vekt avsky. Dyrevernorganisasjonar mobiliserar no for at den skuldige vert tatt.

Dette biletet viser dei store skadane hjorten gjekk rundt med i fleire dagar.

SKADESKOTEN: Dette biletet viser dei store skadane hjortekalven i Gulen gjekk rundt med i fleire dagar før den vart avliden, førre veke.

Foto: Thomas Stølen

– Sjølve skaden medfører så store lidingar at dette verkeleg er eit brot på dyrevelferdslova, seier leiar Siri Martinsen i NOAH – for dyrs rettar.

Ho fortel at dyrevernsorganisasjonen no har valt å melde forholdet til politiet.

Lova ut dusør

Førre helg publiserte NRK ein artikkel om ein skadeskoten hjortekalv som hadde gått rundt med ein avskoten kjeve i fleire dagar før den vart avliden. Blant dei som reagerte hardast var Dyrevernsorganisasjonen Dyrenes rett. Dei har lova ut ein dusør på 2000 kronar for tips som kan føre til at den skyldige vert teken.

– Det er forbode å sette dyr i ein slik hjelpelaus tilstand, men kvar haust høyrer me om liknande tilfelle. Det er ikkje mogleg å førestille seg smertene til hjorten. Kjeven var skoten i sund og kalven var ikkje i stand til å få i seg mat eller drikke, seier Jenny Rolness i Dyrenes rett.

Skadeskoten hjort

STRAFFBART: – Hovudskot mot hjort utgjer ein så stor risiko for skadeskyting at dette ifølgje Økokrim kan vere straffbart uansett utfall, seier Jenny Rolness i Dyrenes Rett.

Foto: Thomas Stølen

Tidlegare har Noregs Jeger- og fiskeforbund uttalt at jegerar stort sett har eit hjarte for dyret, og at det ikkje er vanleg praksis sikte på hovudet til dyret for å spare på kjøtt. Rolness, er ikkje like sikker på at dette er tilfelle, og meiner saka ikkje vert teken alvorleg nok.

– Me etterlyser meir handling frå dei. Det kan godt vere at jeger i deira eigne rekker har gjort dette. Me forventar at politiet no følgjer opp dette og etterlyser tips.

– Bortforklarar lidingane

Også NOAH har følgt opp saka, som no er meldt til politiet for brot på dyrevernslova. Leiar Siri Martinsen fortel at bileta av hjorten har gjort stort inntrykk på mange.

– Det har vore mykje sterke reaksjonar, og slik vert det når folk får sjå kva skadeskyting inneber i praksis. Me veit at dette er ein av fleire måtar å verte skadeskoten på og det inneber enorme lidingar for dyret, seier ho.

Siri Martinsen, Noah

INNTRYKK: Leiar Siri Martinsen i NOAH fortel at bileta av den skadeskotne hjortekalven har gjort sterkt inntrykk for mange av følgjarane deira, etter at dei delte bileta på deira facebookside.

Foto: Bente Isefjær / NOAH

Ho meiner det er problematisk at mange i forvaltninga aksepterer at slike skader kan skje

– Det er mange som bortforklarar dyrs lidingar innan industrien. Samtidig er det tilfellet at rundt 10 prosent av hjortedyr lid av dette. I tillegg reknast det at omtrent 50 prosent av småvilt som fuglar under jakt, vert skadeskoten også.

– Ikkje verdt det

Leiar Roar Elnes i Gulen ettersøkslag, var den som måtte avlide hjorten. Han fortel at dei sjeldan deler bilete frå slike hendingar, men at dei i dette tilfellet gjorde eit unntak. Målet var å rette fokus på konsekvensane dersom ein vel å sikte mot nakke eller hovud, og ikkje treff.

– Det er mange forskjellige meiningar, men eg ser at dei fleste som har kommentert har hengt seg opp i skaden, og det var jo det me var ute etter slik sett.

Ørnes håpar jegerar tenkjer seg om ein ekstra gong dersom dei vel å plassere skotet på ein slik måte.

– Det er ikkje eit ukjend fenomen at folk brukar denne metoden, men det er ikkje verdt det, seier han.