– Tinder er ut, rundballar er tingen

– Eg har aldri matcha på Tinder, men med rundballane har det vore match til tusen, ler Håvard Ruud (18).

Håvard Ruud

TRAVEL SJEKKAR: Denne kontaktannonsen har hatt nok av friarar den siste veka.

Foto: PRIVAT

I førre veke bestemte broren til Håvard Ruud frå Alsmo i Jostedalen seg for å hjelpe 18-åringen med damejakta. Rundballane han hadde liggande på garden blei til ei noko uvanleg kontaktannonse. No fortel Ruud at han har fått massiv respons på stuntet.

– Eg er forbausa over kor mange som har ringt.

Alt frå småbarnsmødrer til fjortisar

Ungkaren kan fortelje at det har variert i kven som har teke kontakt.

– Det var to etter kvarandre som viste ekstrem spreiing. Først ringde ei på 24 år, ho hadde to born. Like etterpå ringde ei på 14. Ein må passe seg litt, for det er ikkje så godt å vite kven ein pratar med igjennom telefonen, seier jostedølen.

Men ikkje alle som har kontakta rundballsjekkaren har vore på kjærastejakt.

– Det var ein kar som ringde frå Mo i Rana. Han lurte på korleis vêret var her i sør, ler Ruud, som likevel tykte det var kjekt å prate med vêrentusiasten.

Har halde kontakten med fleire

Sidan NRK fortalde om saka førre fredag, kan Ruud informere om at medietrykket har vore nesten like ekstremt som friarstormen.

– Etter at NRK omtalte saka har nyheita spreidd seg. Først ringde P4 på søndag, og deretter TV2. Sidan den gong har det teke ganske kraftig av frå heile landet.

I tillegg har svenske Aftonbladet kasta seg på (rund) ballen.

Håvard Ruud er framleis singel, men han fortel at han ikkje kan sjå bort frå at det har ringt ein potensiell kjærast.

– Det har vore nokon som har hatt lyst til å møtast. Det er vanskeleg igjennom telefon og internett, men det er nokon eg framleis pratar med. Vi får sjå!

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.