NRK Meny
Normal

Massiv Lust vil flytte frå Luster

Massiv Lust AS vurderer å flytte delar av verksemda si frå Gaupne til Austlandet.

Alexander Lien i Massiv Lust

FLYTTAR: Styreleiar Alexander Lien stadfestar overfor NRK at selskapet vil flytte. Bildet er teke ved eit tidlegare høve.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Grunnen er etter det NRK erfarer, store utfordringar knytt til logistikk. Selskapet i Gaupne kjøper råstoffet sitt i Sverige, vidareforedlar det i Luster, men har dei fleste kundane sine på Austlandet.

Samstundes har selskapet vunne anbod på Austlandet den siste tida. Selskapet er i forhandlingar og vil få svar på om det blir noko av flyttinga i august.

Flyttinga blir stadfesta av styreleiar Alexander Lien.

– Eg kan stadfeste at rykta er sanne. Og at dei har vore sanne lenge. Utover det vil eg ikkje kommentere detaljar, seier Lien til NRK Sogn og Fjordane.

Vil ha aktivitet i Luster

Det er limtreproduksjonen som blir vurdert flytta til Austlandet. Massiv Lust AS har to konkrete stader dei vurderer å etablere denne. Men Lien ynskjer ikkje å seie kvar.

– Det er først og fremst viktig for oss å ha ein stabil materialtilgang. Men me ynskjer å behalde aktivitet i Luster. Me trur på auka aktivitet både i produksjon, i montasje og i prosjektering, seier Lien.

Han tippar at selskapet har landa ein eventuell avtale om flytting i løpet av august.

Massiv Lust AS vart starta i 2011 og produserer krysslimte element i massivtre. I 2013 flytta firmaet inn i ein ny produksjonshall på Granden i Gaupne. I 2014 fekk firmaet tildelt den nordiske treprisen. Selskapet har hatt opp til 18 tilsette, medrekna sesongarbeidskraft.

Opning av Massiv Lust i Gaupne

OPNA: Frå opninga av produksjonshallen i Gaupne.

Foto: Anders Veberg / NRK

Lokal forankring

– Eg trur vi blir fleire tilsette totalt, men kor mange som vil ha adresse Luster er for tidleg å seie noko om, seier Lien.

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) er orientert om at selskapet vurderer flytting.

– Eg har full respekt for at leiinga må ta bedriftsøkonomiske omsyn i ein tøff konkurranse. Samstundes er det synd at det skal vera slik, seier Kvalen.

Han er glad for at Massiv Lust vil halda på forankringa til Luster.

– Eg håpar dei kan utvikle seg vidare og halda oppe ein så høg aktivitet som mogleg i Luster framover, seier ordføraren.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast