NRK Meny
Normal

Massiv kritikk på folkemøte - vil ha nye takstvurderingar

SOGNDAL (NRK): Både ordførar, kommuneleiing og takstselskap vart stilt til veggs under folkemøtet om justeringane i kommunens eigedomsskatt. Innbyggjarane i Sogndal var tydeleg oppgitt.

Olav Amund Nornes

USERIØS: Olav Amund Nornes var ein av mange som tok til orde under folkemøtet i Sogndal onsdag kveld. Han meiner arbeidet med skattejusteringane har vore useriøs.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Anders K. Mundal

PROVOSERT: Anders K. Mundal var ein av mange som hadde møtt opp i håp om å få nokre svar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg har fått eit brev om ein skattetakst som provoserer, og eg vert enda meir provosert no som eg etter kvart får meir og meir innsyn i korleis prosessen har gått føre seg, seier Anders K. Mundal, nestleiar i Fjærland Bondelag.

Han var ein av dei vel 300 personane som hadde møtt opp til folkemøte om eigedomsskatt i Sogndal kulturhus onsdag kveld. Det var Sogndal bondelag som saman med kommunen inviterte innbyggjarane til møtet.

Nytakseringa av eigedomane i kommunen har engasjert. Det er 10 år sidan sist, og mange meiner dei nye verdivurderingane, spesielt av landbrukseigedomane, er altfor høge.

– Vi som eigarar av landbrukseigedomar får ein takst, eit verdigrunnlag, som ikkje samsvarar med den reelle verdien. Mange opplever at berre eit bustadhus har fått ein takst som er tre gongar verdien av heile garden. Det kan vi ikkje finne oss i, seier Mundal.

(Artikkelen held fram under)

Folkemøte Sogndal

FULLT HUS: Mange hadde møtt opp på kulturhuset for å få med seg folkemøtet. Både lokalet og hallen utanfor var stappfull med folk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eg er svært skuffa. Her skjer ting som aldri burde vore skjedd.

Kommentar frå salen

Dei siste månadene har over 300 gardshus i Sogndal har fått ny takst.

Takstselskapet og kommunen si oppnemnde takstnemnda har tilsaman gitt ein samla rabatt på 50 prosent av taksten på våningshusa. Slike gardshus er nemleg ikkje omsetjelege på bustadmarknaden.

Rådmannen budsjetterer med å hente inn minst 2,5 millionar kroner i auka inntekter på eigedomsskatten.

Det vert sagt at ting kunne vore gjort annleis. Eg meiner ein bør kunne gjere det på nytt og gjere det skikkeleg.

Knut Munthe Olsen

Firedobling av eigedomsskatten

– Justeringa av eigedomsskatten har heilt klart slått feil ut, seier Tor Arne Næss, leiar i Kaupanger næringsforeining, som består av 40 verksemder.

Ness fortel at mange av dei har ei firedobling av eigedomsskatten etter dei nye verdivurderingane.

Tor Arne Ness

ALVORLEG: Politikarane må finne ei løysing, meiner Tor Arne Ness i Kaupanger næringsforening.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er svært alvorleg. Det vil få konsekvensar for både eksisterande næringsliv, men og for nye prosjekt og nyetableringar.

Viljen til å betale eigedomsskatt er der, fortel Ness, men ei slik auke vil setje arbeidsplassar i fare, meiner han.

– Møtet i kveld stadfestar at det har vore ein dårleg prosess. Ein har fått eit resultat som ein no slit med å finne ei løysing på. Dei kan umogleg halde fram med dette som grunnlag. Noko må gjerast, men det vert opp til politikarane å løyse, seier Næss.

Dette vitnar om så slett arbeid at eg ikkje skjønar at dette kan vere juridisk gyldig. Vi opplever at dette verken har skjedd i rett rekkefølgje eller på rett måte.

Knut Munthe Olsen

Vil prøve å vinne tilbake tillit

På møtet kom det fram at takstnemnda ikkje har hatt tilstrekkeleg med tid til å både førebu og gjennomføre arbeidet. Takstnemnda har godkjent takstane, men hadde nærast ikkje noko val med tanke på tidsfristen 1. mars.

Odd Urdal Bjelle, leiar i takstnemnda, var til stades under møtet, og orienterte dei frammøtte om prosessen. Ordførar Jarle Aarvoll seier dette er politikarane sitt ansvar.

– Mange er ganske sinte. Det er ting ved prosessen som ikkje har vore god nok. Mykje skulle vore gjort annleis, vedgår ordføraren.

I formannskapet torsdag skal delar av saka handsamast. Sjølve takstane kan dei ikkje gjere noko med, forklarar ordføraren, men seier dei vil gje «visse» signal til takstnemnda.

– Det kan ikkje halde fram slik det er no. Vi må få tilbake tilliten som vi har mista hjå ganske mange fordi dei er frustrerte og sinte og ikkje forstår korleis ein har kome fram til takstane som er sett.

Heile prosessen er, i mine auge, useriøs.

Olav Amund Nornes

Ordføraren seier at ikkje alt er hogd i stein enda.

– No skal takstnemnda vurdere dette, og eg håpar dei også tek omsyn til dei som ikkje klagar. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å få inn mykje meir i eigedomsskatt enn det vi har budsjettert med, seier Aarvoll.

Fleire i salen påpeikar at ein burde starte heile prosessen på nytt og gjere nye vurderingar. Ordføraren seier at lova er klar på at om ein gjer det, så har ein ikkje grunnlag for å skrive ut eigedomsskatt i år.

– Dei gamle takstane var for låge

Dei nye takstane er sett av Verditakst AS som er engasjert av kommunen. To representantar frå selskapet var til stades under folkemøtet og fekk mykje spørsmål om korleis dei har gjennomført sine vurderingar av eigedomane. Mange ubebuelege hus har fått takstar som eigarane meiner er heilt feil.

– Det vil alltid vere folk som er ueinige i skattegrunnlaget, og dei har høve til å klage. Vi har etter beste evne verdisett fritidsbustadar, bustader, landbrukseigedomar og næringseigedomar, seier Ole C. Torgersen, dagleg leiar i Verditakst.

Torgersen legg til at takstane som var sett for ti år sidan var basert på feil grunnlag. I 2005 var ein gjennomsnittleg einebustad i Sogndal taksert til 300.000-400.000 kroner.

– Når vi som takstfirma er pålagt å følgje lova, så vert spranget opp til dagens verdi veldig stor når grunnlaget for 10 år sidan var så feil, forklarar Torgersen.

(Artikkelen held fram under)

Ole C. Torgersen

VURDERT EIGEDOMANE: Verditakst AS var også tilstades under folkemøte. Her representert av Ole C. Torgersen og Siri L. Torgersen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Har klaga klar

Det kom også fram at Verditakst ikkje er godkjent for landbrukstaksering, men Torgersen forsvarar det med at dei berre skal taksere bustaddelen av landbrukseigedomen, noko dei er sertifisert til.

Dei som ikkje er fornøgd med takseringa kan no klage. Anders K. Mundal seier han alt har forfatta klaga og klar til å sende den inn.

– No forventa eg at kommunen legg seg flate og kanskje beklagar meir enn det dei har gjort så langt. Det kom fram ein heil del her i kveld som viser at det er gjort feil. Det må dei ta inn over seg og rydde opp i, seier Mundal.

Eg har teke kontakt med ein landbrukstakstmann, han meiner våningshuset er verdt 600.000. De har taksert det til 2.250.000 kroner.

Olav Amund Nornes
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.