Hopp til innhold

Masseslagsmål på Burger King i Førde

Politiet måtte rykke ut og ta hand om fulle folk fleire stader i fylket natt til laurdag, men det var særleg i Førde sentrum dei fekk nok å gjere.

Politi-illustrasjon

MÅTTE GRIPE INN: Politiet måtte ta hand om eit slagsmål i Førde sentrum natt til laurdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det er i alle fall fem personar som har vore involvert i eit slagsmål inne på Burger King, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved operasjonssentralen i Bergen.

Han fortel at det var ein vekter som melde frå om slagsmålet til politiet. Etter kvart skal det ha vore tre vektarar inne på burgerforretninga, og ein politipatrulje kom også ganske raskt til staden.

– Vi har ikkje fått meldingar om alvorlege personskadar på nokon, men det har vore ein veldig amper stemning her, seier Koltveit.

Politiet skildrar dei involverte som ein ung gutegjeng, og fortel at dei har vore svært lite samarbeidsvillige, og ganske kverulerande, i møtet med politiet.

Stakk av, men politiet fann dei

Det er i samband med at uteplassane i Førde stenger, at gutegjengen har hamna på Burger King. Kolltveit hos politiet seier at ein del av gjengen stakk av frå staden då vektaren varsla politiet, men at ein politipatrulje fann dei att etter kort tid.

– Det har vore rikeleg med vitne til hendinga, og stemninga blir skildra som amper og aggressiv, seier Kolltveit.

Også på Nordfjordeid har politiet teke hand om fulle folk. Der måtte dei rykke ut fordi det kom meldingar om ein mann som var overstadig rusa. Han vart sendt heim.