Hopp til innhold

Massemønstring mot krigen i Gaza

Eit 100-tals personar møtte torsdag fram i Førde for å vise motstand mot den israelske krigføringa i Gaza.

Demonstrasjon mot krig i Gaza
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

3. januar sendte den norske legen Mads Gilbert ei tekstmelding frå Gaza. Han ba heile folket om å gjere noko, ta affære.

Heile landet

Tekstmeldinga spreidde seg til heile landet. Dei største byane arrangerte torsdag fakkeltog under ei felles parole: Våpenkvile og fred i Gaza. Ein demonstrasjon for alle dei politiske partia unasett side i saka

Politisk demonstrasjon i Førde

Men i Førde arrangerer Arbeiderpartiet, SV, Rødt ,LO og Venstre ein politisk demonstrasjon til støtte for det palestinske folket, og mot Israels krigføring.

Per Bjarne Ørjansen heldt appel mot krigen i Gaza
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det er jo snakk om Israel som er ein okkupant. Det seier Per Bjarne Ørjansen som er fylkesleiar i partiet Rødt. Han seier at her er det ein okkupert som sloss mot okkupanten difor meiner vi det er riktig å ta side.

- Vi støttar sjølvsagt også ein parole om fred på Gaza . Det er jo det som er målet , men då må også Hamas vere med i fredstingingane.

Den vesle dråpen gjer forskjellen

- Kva trur de ein slik demnonstrasjon kan bety?

- Det er den vesle dråpen som gjer forskjellen, og vi er ein liten dråpe og vi blir nok også lagt merke til, tenker eg.