Masoumeh Bakhtiari har tidlegare fått avslag på søknad om opphaldsløyve. Ho frykta at ho ville bli drepen om ho vart send tilbake til heimlandet. Årsaka er at ho har skilt seg frå mannen sin. Amnesty International har stadfesta at det er grunn til å tru at kvinna kan bli steina om ho blir send tilbake.
Tener for lite
Men den 10. mars gifta Masoumeh Bakhtiari seg med ein dansk statsborgar busett i Hafslo. Dermed trudde ho at ho skulle få opphald gjennom familiegjenforening. Men i avslaget skriv UDI at mannen hennar tener for lite og at det ikkje er sterke nok menneskelege omsyn til at det kan gjerst unnatak frå dette kravet.
Forundra
Advokaten til kvinna, Louis Anda, er forundra over dette sidan mannen har næringsinntekt og ikkje lønsinntekt, og at denne varierer mykje mellom anna grunna avskrivingar.
Kvinna går til behandling for psykiske problem, og ho har også to born som er godt integrert i samfunnet, fortel advokaten til kvinna, Louis Anda, som er sterkt forundra over avslaget frå UDI.