Hopp til innhold

Måse på krigsstien - angreip alt og alle

Angrepsviljen til måseparet i Førde var stor i helga. Dei jaga dei tilsette i Førde kommune frå skanse til skanse. Alt for å beskytte avkommet.

Måsen gjer nesten kva som helst for å beskytte avkommet sitt. Det har fleire i Førde fått merke...

– Hjeeelp! Gå vekk!

Roping og vifting gav ikkje resultat for dei tilsette i Førde kommune som har hatt ein hekkande måse på taket over bustadane der dei tilsette jobbar.

Her bur eldre, psykiatriske pasientar og funksjonshemma. Dei er avhengige av hjelp, tilsyn og medisinar frå tilsette i Førde kommune.

Kasta seg mot hovudet på folk

Søndag var det så ille som ingen har opplevd før. For Anne-Gry Nimonen og Anita Hjellbrekke var det inga anna råd enn å væpne seg med paraply.

– Vi fekk jo nesten ikkje gjort jobben vår. Måsen sat på taket over oss og med ein gong noko rørte på seg så stupte han ned. Så når vi skulle gå mellom bustadane måtte vi berre ta sats, fortel Hjellbrekke.

NRK.no var vitne til at måsen fleire gongar kasta seg ned mot hovudet til forbipasserande, medan måsane skreik og bar seg.

Heimehjelpa i Førde kommune som skulle dele ut mat til dei eldre, vart jaga frå bygg til bygg.

Dottera til ei eldre dame i rullestol som var på luftetur, vart så angripen at ho måtte springe frå mora i rullestolen for måsen var heilt krakilsk.

– Dette er det verste eg har vore med på, ropte dottera til NRK.no, medan mora i rullestolen flirte av at ho vart "sett att" midt i vegen, medan måsen angreip dottera.

NRK vart naudhamn

Lokala til NRK Sogn og Fjordane vart redninga for Anne-Gry Nimonen. Paraplyen ho hadde væpna seg med vart delvis øydelagd etter måseangrepet og dermed såg ho ikkje anna løysing enn å søke ly hos NRK.

– Eg veit ikkje korleis eg skal komme meg på jobb att. Eg torer ikkje gå ut att til desse galne måsane, sa Nimonen.

Dermed ringde ho den litt tøffare kollegaen, Anita Hjellbrekke, som også jobbar i Psykiatritenesta i Førde kommune. Ho sprang det ho makta, under ein paraply, medan måsen klaska ned i paraplyen over henne og saman småsprang dei tilbake på jobb.

I etterkant fortel Hjellbrekke at fleire tilsette kvidde seg slik for å gå ut at dei gjekk lange omvegar for å unngå måsen.

– Vi er jo mest uroa for at bebuarane her kan bli angripne, ramle og skade seg.