Hopp til innhold

Maryam kunne ikkje fått ei betre pinse

Før pinsa fekk Maryam Bandari og gutane hennar beskjeden ho har venta to år på. Dei får bli i Noreg.

Maryam Bandari og John Arnljot Valør, Gloppen

TAKKSAM: – Eg er så utruleg takksam for all hjelp og støtte eg har fått gjennom desse vanskelege åra, seier Maryam Bandari (t.v.), her saman med John Valør.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det har blitt både positive og negative tilbakemeldingar før påske tidlegare år, men pinsa 2019 vart berre heilt fantastisk. No skal eg fullføre norskkurset, finne meg jobb og få ordna vår eigen stad å bu, seier den iranske konvertitten Maryam Bandari.

– Kan leve normalt

Det er to år sidan familien fekk avslag på søknad om opphaldsløyve og gjekk i kyrkjeasyl hos trussamfunnet Sion på Sandane .

Eit avslag både Oslo tingrett og lagmannsretten har konkludert med at var ugyldig .

Siste instans rett nok under «ein viss tvil».

Før helga vart det klart at UNE ikkje ankar avgjerda vidare til Høgsterett. Det betyr at den iranske konvertitten Maryam får opphald i Noreg.

– Vi har kjempa ein kamp i godt og vel to år. No kan ho byrje å leve eit normalt liv att, seier John Valør, ein av mange støttespelarar for den vesle familien.

– Stor begeistring

Advokaten til Bandari, Jostein Løken, meiner rettsavgjerda er rett og seier mykje om tryggleiken til iranske konvertittar ved retur til Iran.

Kjernen i saka har vore om Bandari, som kristen konvertitt, har ein reell risiko for å bli forfølgd i heimlandet Iran. Lagmannsretten meiner ja.

Jostein Løken, advokat

GLEDE: – Ein må alltid vere mentalt budd på å anke, men denne gangen vart det ikkje anka vidare til Høgsterett. Vi er alle svært glade for at vi vann fram, seier advokat Jostein Løken.

Foto: Moment Studio

Frå 2013 til 2017 gav UNE opphald i berre fem prosent av 621 søknader om opphald frå afghanske og iranske konvertittar.

I perioden 2015 til 2017 vann UNE fram i 95 prosent av rettssakene.

Løken meiner betre informasjon om landa gjer at konvertittar i større grad enn før når fram i slike saker.

– Tendensen tidlegare var at iranske konvertittar tapte. Dette har snudd siste par åra. Vi har vunne fram med mange saker, seier han.

– Ville blitt avslørte

Valør trur fleire vitneforklaringar, mellom anna tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen, opna både hans og retten sine auge.

– Han presiserte uttrykkeleg at det er fare for konvertittar. Blir dei ikkje tekne inn til avhøyr eller fengsla, så blir dei sett til sides, seier Valør.

– Begge gutane ville blitt avslørte på skulen. Lærarane ville sjå at dei ikkje kan koranen, at dei ikkje kan be eller korleis dei skal gjere ting, legg han til.

Tøff kamp

På Sandane ser både Bandari og støttespelarane hennar fram til at ho skal få ta del i samfunnet på lik linje med andre glopparar.

– Eg er så utruleg takksam for all hjelp og støtte eg har fått gjennom desse vanskelege år, seier ho.

– Kampen har vore tøffast for Maryam. Ho har til tider vore langt nede og tenkt mykje «kva om og kva om». Vi har prøvd å muntre henne opp og sagt at det går vegen. Men du veit aldri før du har fått svaret, avsluttar Valør.

Må gjere nytt vedtak

Etter at saka vart publisert presiserer UNE at rettsavgjerda til lagmannsretten ikkje automatisk medfører at Bandari og gutane får bli i Noreg.

– Vårt vedtak er ugyldig, og då skal saka tilbake til UNE for ny handsaming. Så må vi ta til etteretning det domstolen har sagt i dommen, men formelt sett så må vi handsame saka på nytt og fatte nytt vedtak, seier seksjonssjef Iselin Ryeng-Lande.