Hopp til innhold

Martine fekk hjelp mot flyskrekken

Terrorangrepet mot tvillingtårna i New York og fly som styrtar har skremt Martine (11) frå å fly. Sjølv om ho har kjempelyst å besøke onkelen og tanta i Liverpool, nektar ho å bli med opp i lufta.

Martine (11) saman med kaptein Ole Stangebye

FLYSKREKK: Martine (11) var livredd for å fly og nekta bli med opp i lufta. Etter eit besøk hos Widerøe er ting blitt mykje betre. Her i cockpiten saman med kaptein Ole Stangebye.

Foto: Christian Skjelstad

11-åringen frå Florø har reist med fly ein gong før, men då var ho så lita at ho ikkje hugsar det no.

Historiene om fly som har vore involvert i ulukker har gjort at ho nektar bli med på flytur. Mamma Silje K. Skaflestad synest det er trist at redselen skal hindre ho, og ringte til Widerøe for å be om hjelp.

– Eg forklarte situasjonen og sa at Martine var veldig redd.

– Vil ikkje fly, punktum

Martine Skaflestad Herstad (11) har lenge hatt lyst å reise på besøk til onkelen og tanta i England. Men flyturen til Liverpool har aldri blitt noko av.

– Ho har hatt veldig lyst til å reise, men ho vil ikkje. Då eg gav grønt lys for ein tur saman med ei venninne og ein far no i vinterferien, så sa ho berre at ho ikkje vil reise.

– Eg vil ikkje fly, punktum, seier ho, fortel mora.

– Har sett fly som krasjar

11-åringen fortel at ting ho har sett på TV har gjort til at ho er redd for å fly.

– Eg har sett fly som krasjar inn i høge bygningar, og folk som har snakka om at dei har overlevd flykrasj, seier Martine.

Etter som vinterferien nærma seg og Martine framleis nekta, ville mamma Silje K. Skaflestad prøve gjere noko for å bli kvitt flyskrekken. Ho ringte til Widerøe på Florø lufthamn.

– Det var ein vill sjanse, eg trudde jo ikkje eigentleg at vi skulle få hjelp, vedgår ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fly nummer to inn i World Trade Center

TERROR: Terrorangrepet mot tvillingtårna i New York er blant tinga som har skremt Martine (11) frå å fly. Her er fly nummer to på veg inn i World Trade Center.

Foto: ABC / AP

Fekk kome på flyplassen

Men på flyplassen fekk ho beskjed om å ta med seg dottera same kveld. Der vart dei to møtte av to pilotar og ein flyvert frå Widerøe.

– Dei var berre heilt fantastiske! Martine fekk spør om akkurat det ho lurte på og dei svarte på ein måte som ho forstod. Dei brukte ikkje store ord, seier mora.

Ville vite om flya vart sjekka

For 11-åringen hadde mange spørsmål.

– Eg fekk sette meg på setet til piloten, og så fekk eg prøve rattet. Piloten lærte meg om alle knappane og det, forklarar Martine.

– Kva spurte du om då?

– Eg spurte om flyet vart skikkeleg sjekka og om kvifor andre fly styrta sjølv om dei vart sjekka, fortel Martine.

Og svara ho fekk gjorde ho litt tryggare.

– Dei sa at alle fly blir sjekka, og at flyvertinna ser på folk om dei har flyskrekk. Då blir dei ekstra godt passa på, seier Martine til NRK.no.

Glad for å hjelpe

Christian Skjelstad jobbar i kabinen for Widerøe og var ein av dei som tok imot Martine og mora. Han seier flyselskapet gjer det dei kan for å gjere folk trygge på å fly.

– Vi er veldig glade i framtidige passasjerar, så dette synest vi var berre triveleg.

– Om det kan hjelpe at vi bruker ein halvtime for å snakke med passasjerar som ikkje er trygge om bord, så gjer vi gjerne det, seier han til NRK.no.

– Fakta kan hjelpe

Han seier mange barn kan bli skremte av hendingar med fly, men at det ofte berre er litt fakta og kunnskap som skal til for å bli kvitt frykta.

– Når det skjer ting med fly kan barn bli redde. Vi er opptekne av at det er trygt å fly, og ofte kan det å fortelje klarte fakta, gi dei kunnskap, vere det som skal til, seier han.

Er litt redd enno, men vil reise

Nokre dagar etter besøket i cockpiten ser Martine heilt annleis på det å ta turen til Liverpool. No vil ho reise.

– Eg trur ikkje eg kjem til å vere veldig redd, men kanskje litt, seier ho og seier det er blitt mykje betre etter at ho fekk snakke med mannskapet.

– Kva kjem du til å tenkje når du skal gå om bord i flyet?

– Eg kjem til å tenkje, oi, eg gjer faktisk dette, seier ho.

Mamma Silje K. Skaflestad er full av lovord om servicen frå Widerøe.

– Eg er veldig positivt overraska og synest det er heilt fantastisk at dei tok seg tid til dette.

– Dei fortener skryt.