Mista lappen etter å ha sovna bak rattet og krasja i tunnel

Ap-nestor Martin Kolberg har fått ei bot på 8000 kroner og er frådømt retten til å køyre bil i seks månadar etter at han sovna bak rattet og krasja i fjellveggen i ein tunnel i Lærdal.

Martin Kolberg sovna bak rattet.

KRASJA: Martin Kolberg sovna bak rattet og krasja i fjellveggen på begge sider av vegbana gjennom Fodnestunnelen i Lærdal.

Foto: Politiet

Ulukka skjedde i den 6,6 kilometer lange Fodnestunnelen på riksveg 5. I bilen sat hans 11 år gamle barnebarn.

Martin KOlberg ser sur ut

MISTA LAPPEN: Stortingsrepresentant Martin Kolberg (Ap) har vore utan førarkort sidan juli.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Ei skremmande oppleving, seier Martin Kolberg til NRK.

Saman med barnebarnet var Kolberg på veg til familien sitt feriehus i Sunnfjord. Fem kilometer inne i Fodnestunnelen sovna Kolberg bak rattet. Bilen kryssa først motgåande køyrefelt, kolliderte så med fjellveggen på venstre side og deretter fjellveggen på høgre side.

– Så stogga den i fjellveggen med fronten først. Takka vere flaks og ny Volvo kom vi frå det med minimale skader, fortel Kolberg.

Trafikkulukke

KØ: Riksveg 5 vart stengt i om lag ein time etter ulukka. På begge sider av tunnelen danna det seg lange køar.

Foto: ODDVAR VIGDAL

Barnebarnet sov

Barnebarnet sat og sov da ulukka skjedde og kom uskadd frå hendinga. Kolberg fekk eit brannsår på underarmen etter airbagen. Begge vart tekne hand om av helsepersonell og sendt til Lærdal sjukehus.

Bak kom kona Aud køyrande i eigen bil.

– Eg sjekka først om barnebarnet var uskadd, og så at eg sjølv var uskadd. Men det var nokre skremmande sekund for kona, seier Kolberg.

Ulukka skjedde 6. juli i år.

Mista lappen

Etter ulukka vart Kolberg fråteken førarkortet i seks månadar. Han fekk også ei bot på 8000 kroner.

Martin Kolberg sovna bak rattet

SKADER: Bilen fekk omfattande skader i samanstøyten.

Foto: Politiet

– Eg har akseptert både bota og tap av førarretten. Du kan kalle det for eit uhell, men slikt skal ikkje skje og eg har fått ein lærepenge. Heldigvis kom det ikkje bil imot, seier Kolberg.

Han vedgår at han var trøytt på turen til Vestlandet.

– Eg stoppa i Hemsedal for å sove. Etterpå køyrde vi ned til Lærdal, ei strekning eg har køyrt i nesten 50 år, seier Kolberg.

Likevel kjente han at han framleis var trøytt då han køyrde inn i Fodnestunnelen ved Lærdalsøyri. Han vedgår at han tenkte at det skulle bli godt å komme igjennom, slik at han kunne få sove på ferja.

– At eg tenkte som eg gjorde før tunnelen burde ha vore eit signal om at eg skulle ha stogga igjen.

– Og eg vil uttrykke tydeleg at eg er veldig glad for at ikkje andre vart involvert i mitt uhell, seier Kolberg.

Kolberg sin blir køyrd vekk frå staden

KØYRD VEKK: Bilen til Martin Kolberg blir køyrd vekk frå tunnelen etter uhellet.

Foto: Porten.no-tipsar

Redda av bilen

Inne i tunnelen målte politiet 12 meter lange bremsespor. Men Kolberg seier det ikkje var han som bremsa.

– Bilen bremsa sjølv, og varsla ifrå til nødsentralen. Medan vi sat i bilen og røyk seiv inn rundt oss, kom det ei svensk stemme i høgtalarane som spurte korleis det gjekk med oss, seier Kolberg.

I ettertid lovprisar Kolberg den nye bilen, naudetatane og sjukehuset i Lærdal for at det gjekk bra. Etter 2,5 timar var familien på veg mot hytta igjen.

Stortingsrepresentanten får ikkje køyre bil før 6. januar neste år.

– Det er kronglete å vere utan førarkort Heldigvis har kona sagt ja til å vere sjåfør, seier Kolberg.

Laster kart, vennligst vent...

FODNESTUNNELEN: Ein 6,6 kilometer lang tunnel mellom ferjekaien Fodnes og Lærdalsøyri.