NRK Meny
Normal

Marknaden skrik etter solcelleskiver frå Årdal

Norsun på Årdalstangen har informert dei tilsette om at verksemda har planar om å doble produksjonskapasiteten dei komande åra.

Norsun - Øystein Ullebø og Steinar Talle

SKAL DOBLE KAPASITETEN: Øystein Ullebø (t.v.) og fabrikksjef Steinar Talle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det kan føre til at talet på tilsette blir auka frå dagens 215 til bortimot 300 når utvidinga er fullført, seier fabrikksjef Steinar Talle.

– Vi ser føre oss ein auke på rundt 70-80, men det er vanskeleg å seie det heilt sikkert. Det kjem an på kor mykje automatisering vi kan få inn i produksjonsutstyret. Det er ikkje tvil om at vi må ha ein stor automatiseringsgrad.

Det var Sogn Avis som først fortalde om planane.

Steinar Talle

STOR ETTERSPØRSEL: Fabrikksjef Steinar Talle.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Talle seier at dei no vil la planane modne ei tid, og at den endelege avgjerda blir teken i 2018. Årsaka til utvidingsplanane er at det er stor rift om produkta til Norsun, syltynne silisiumskiver, såkalla wafers, som produsentane av solcellepanel treng.

– Vi har ei stund opplevd ein veldig stor etterspørsel frå kundar som Sunpower, Panasonic og LG. Det er ein veldig vekst i solcellebransjen, og vi må vere med kundane våre i storleik for å vere attraktive.

Norsun - produksjonshall

AUTOMATISERT: Sjølv om det er 215 tilsette, er det lite folk å sjå i produksjonslokala.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Talle fortel at Norsun har eit spesielt konkurransefortrinn på grunn av at dei held til i Årdal.

– Særleg på den franske marknaden har vi ein fordel av vårt låge CO₂-avtrykk fordi vi produserer med vasskraft.

Moderverksemda Norsun AS hadde eit resultat før skatt på nesten 11 millionar kroner i fjor, i 2015 var det på vel 18 millionar. No vil dei hente inn 70 millionar frå aksjonærane for å ha pengar til utvidinga.

Første trinn er ei utviding av den eksisterande fabrikken, seinare er det snakk om å byggje ein heilt ny fabrikk.