Hopp til innhold

– Situasjonen er uhaldbar. Krigen må slutte

Då Lærdal brann i januar fekk dei brev, telefonar og facebook-meldingar frå innbyggjarane i venskapsbyen Jeriko på Vestbreidda. – I dag var vår tur til å gjengjelda støtta dei viste oss, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Jan Geir Solheim og Anna Avdem

TALA: Ordførar Jan Geir Solheim (t.h.) og Anna Avdem, leiar i Vennskap Jeriko-Lærdal, heldt begge appell under markeringa i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

I snart tre veker har krigshandlingane på Gazastripa rasa, og den har kosta menneskeliv på begge sider, både palestinske og israelske.

40 bygningar brann ned i Lærdal i januar, fekk Lærdal både brev, telefonar og facebook-meldingar frå innbyggjarane i Jeriko

– Sjølv om vi stod i ei veldig lita krise i høve til det som skjer der nede no, så hadde dei veldig omtanke for oss. Dei visste korleis det er å oppleve krise, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Overskrift

Lærdal kommune har i 16 år vore vennskapskommune med Jeriko i Palestina. Jeriko ligg inne på Vestbreidda og er ikkje direkte råka av dei grufulle krigshandlingane i Gaza.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Over 100 lærdølar møtte laurdag utanfor rådhuset for å få med seg Palestinamarkeringa.

SJÅ UTDRAG: Over 100 personar fekk høyre appellar frå Anna Avdem, Jan Geir Solheim og Mads Gilbert. (FOTO: Jan Christian Jerving/REDIGERING: Oddleif Løset/NRK)

Anna Avdem, leiar Vennskap Jeriko-Lærdal

LEIAR: Anna Avdem er leiar i Vennskap Jeriko-Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Indirekte blir likevel også Jeriko ramma på mange vis, fordi folket i Jeriko har slekt og venner i Gaza, seier Anna Avdem, leiar i Vennskap Jeriko-Lærdal.

Direkterapport

Over 100 personar møtte opp framfor rådhuset i Lærdal for å syna si støtte til vennskapsbyen på Vestbreidda. Ordføraren heldt appell, og Anna Avdem, leiar i Vennskap Jeriko-Lærdal, kom med ei rørande helsing.

(Artikkelen held fram under biletet)

Palestina-markering i Lærdal.

MYKJE FOLK: Over 100 personar møtte opp for å markere sin motstand til konflikten mellom Israel og Gaza.

Foto: Jan Christian Jerving

Forsamlinga fekk også ein direkterapport frå lege og Rødt-politikar Mads Gilbert som arbeider ved eit sjukehus i Gaza by.

– Det var mange som vart rørte av det han skildra, seier Solheim.

Viktig støtte

Ordføraren seier det er mange i Lærdal som kjenner folk i området som no blir råka av krig og uro.

– Og det gjer noko ekstra med oss det som skjer. Det er vanskeleg og det som skjer må ta slutt. Det kan ikkje halde fram, seier Solheim som i appellen trekte fram støtta dei sjølve fekk frå Jeriko etter brannen.

– Det betyr så enormt mykje å få ein SMS, at du ser i avisene at andre bryr seg, at nokre samlar inn pengar, bryr seg og skryt over innsatsen som blir gjort av helsepersonell og andre.

– Må ta slutt

Jan Geir Solheim

SLUTT: Jan Geir Solheim håpar at heile det norske folk kan slutte opp om at det må bli slutt på konflikten mellom Israel og Gaza.

Foto: Jan Christian Jerving

Han la også vekt på omfanget av konflikten. Kommunalt tilsette får ikkje løn, næringslivet fungerer ikkje som det skal og innbyggjarane får ikkje kjøpe dei mest naudsynte tinga.

Endå verre er det at konflikten har kravd mange liv på begge sider.

– Etter 19 dagar, så er 987 menneske drepne. Halvparten er uskuldige kvinner og born. Det er ein situasjon som må ta slutt, seier han og håpar også nordmenn andre stadar i landet kan vise si støtte til at situasjonen er uhaldbar.

– Men du er ikkje redd for å velje side i denne vanskelege konflikten?

– Nei, det er fleire trinn i konflikten, og det som er viktigast for meg er at det må bli slutt på krigen. Eg håpar heile det norske folk kan vere samde om.