NRK Meny
Normal

Løfta tungt i Danmark - klar for junior EM

Troppen av vektløftarar frå Naustdal markerte seg i Danmark i helga. Junioren Tore Gjøringbø sette pers både i rykk og samanlagt.

Tore Gjørringbø

PERSA I DANMARK: Junioren Tore Gjøringbø persa og er klar for EM for juniorar.

Foto: Trygve Duun

Men også damene markerte seg under meisterskapen i Ålborg. Sandra Trædal frå Tambarskjelvar IL sette personleg rekord i støt med 86 og 63 i rykk.

Sandra Trædal vart totalt nummer 6 i Ålborg, av 30 jenter.

– Ho gjorde eit flott stemne, seier trenar Gunnar Reikvam.

Han er godt fornøgd med innsatsen til "elevane" sine. Junioren Tore Gjøringbø vart også beste junior. Han sette personleg rekord i rykk 127 kg og 160 i støt.

Sandra Trædal under meisterskap i Danmark

PERSA I STØYT: Sandra Trædal (t.v.) kom på ein 6. plass under meisterskapen i Danmark.

Foto: Gunnar Reikvam

– Både Tore og Sandra har prestert veldig godt. Det er trenar Gunnar Reikvam godt fornøgd med.

Sindre Rørstadbotten fekk det ikkje heilt til. Han vart ståande utan resultat og er ikkje kvalifisert for EM.

Det er derimot kollega Gjøringbø. Han er klar for junior EM som går av stabelen på Kypros i slutten av november.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser