Hopp til innhold

Markane vil bytte frå Hornindal til Stryn

Markane er i dag delt mellom dei to kommunane, men mange er misnøgde med Hornindal si avgjerd om å slå seg saman med Volda.

Stig Olav Lødemel

VIL IKKJE MISTE MARKANE: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Markane er ei lita bygd som har vore delt mellom Stryn kommune og Hornindal kommune. Det har hatt ganske mange negative konsekvensar for innbyggjarane.

Det fortel Andreas Solvik, ein av initiativtakarane til eit folkemøte før helga. Der vart moglegheitene for å få til ei grenseendring diskutert. I dag går kommunegrensa midt i bygda.

– Sjølv om det er ei gamal grense er det mykje betre å bruke ei grense som følger fjellkjeda. Då får du ei naturleg avgrensing, seier Solvik.

Hornindal vil behalde bygda

For å få til ei grenseendring må innbyggjarane levere eit krav til fylkesmannen, som skal gi staten råd om kva som bør skje vidare. Etter kravet er levert inn skal også dei to kommunane komme med sine synspunkt.

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, tykkjer det er trist dersom delar av kommunen vil gå til naboen.

– For meg personleg er det viktig å behalde dei vi kan. Vi er ikkje interessert i miste nokon. Eg reknar med at kommunestyret vil vere negative til ei endring.

Stryn ser ingen utfordringar med endringa

På den andre sida, er ordførar Sven Flo positiv. Han vil jobbe for at innbyggjarane får røysta si høyrd.

– Dette er ingen ny diskusjon. Det er heller ingen urimeleg diskusjon. Eg ønskjer initiativet velkommen, og Stryn kommune vil bidra til at innbyggjarane blir høyrt i sine ønsker og behov.

Sven Flo

ØNSKER MARKANE VELKOMMEN: Ordførar i Stryn, Sven Flo, tek gjerne imot heile Markane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Flo ser på grenseendringa som uproblematisk.

– Frå Stryn si side kan vi ikkje sjå nokon utfordringar i det heile. Vi ser på det her som ein kurant grensejustering, som vil kunne løysast på ein smidig og enkel måte.

Fylkesmannen trur på fleire likande saker

Det som kompliserer grenseendringa i Markane er at det kan dreie seg om ei fylkeskommunal grense. Det vil også involvere Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fungerande Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Nils Erling Yndesdal, seier det berre er Nesse i Balestrand som har søkt om liknande grenseendring. Han tykkjer det er ein naturleg diskusjon å ta saman med kommunereforma.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal

REKNAR MED FLEIRE SLIKE ØNSKER: Fungerande Fylkesmann, Nils Erling Yndesdal.

Foto: NRK

– Det er ikkje så veldig mange kommunar som er blitt einige om å slå seg saman. Det er heller ikkje så mange av den her type spørsmål som har dukka opp. Men på sikt kan det dukke opp igjen, fortel Yndesdal.

Før eit eventuelt krav om kommuneskifte kan fremjast, er det framleis ein del arbeid att. Solvik seier at dei no skal samle underskrifter på Hornindal-sida av Markane.

– Vi kjem til å gå rundt med ei liste der alle i Markane som høyrer til det som har vore Hornindal kommune, får moglegheit til å skrive under om dei vil flytte til Stryn. Eg trur eit stort fleirtal vil til Stryn.