Hopp til innhold

Bondelaget fryktar låge ekstremvêr-erstatningar kan føre til tap av matjord

VASSENDEN (NRK): I verste fall kan jordbruksareal gå ut av drift som følgje av svakheiter i Statens naturskadeordning, meiner Sogn og Fjordane Bondelag.

Anders Felde og Geir Støfring

STORE SKADAR: Jorda gardbrukar Geir Støfring (t.h.) paktar på Slåtten i Jølster, fekk store skadar under uvêret for vel to veker sidan. Sogn og Fjordane Bondelag og leiar Anders Felde evaluerer no erstatningsordningane i landbruket.

Foto: Artur do Carmo / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På jorda Geir Støfring paktar på Slåtten i Jølster, er flaumskadane tydelege. Jordmassar ligg utover det som skulle blitt friskt, grønt gras til dyra.

– Det er jo rasert utpå her, seier han.

For to veker sidan var det Jølster, Gloppen og Førde som blei råka då ekstremnedbøren brått slo ned. I Luster må bønder ut med store summar frå eiga lomma etter flaumen der i fjor.

Støfring anslår det vil koste fleire hundre tusen kroner å rydde opp i øydeleggingane på Slåtten, ein kostnad han ikkje kan ta aleine.

– Vi må jo ha høg erstatning for å få ut dei summane vi meiner er nødvendig for å gjenskape dette som landbruksmark, seier Støfring.

Evaluerer ordninga

Med bakgrunn i fleire ekstremvêr-hendingar dei siste åra og fleire varsla hendingar i framtida, vil Sogn og Fjordane Bondelag no evaluere korleis Statens naturskadeordning fungerer.

Anders Felde

ALL JORD TEL: – Norsk matproduksjon vil berre bli viktigare og viktigare, og kvart dekar tel, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde

Foto: Artur do Carmo / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, seier ordninga i utgangspunktet fungerer bra. Men likevel ser dei utfordringar.

– Særleg i Luster har fleire har fått avkorting. Det vil seie at naturskadeordninga ikkje ser verdien av det som er øydelagt av til dømes dyrka jord. Det blir for dyrt å reparere sett opp imot det dei meiner er verdien av jordbruksarealet, seier Felde.

– Konsekvensen kan bli at bonden ikkje får nok pengar til å reparere skaden, og då går jorda ofte ut av drift, legg han til.

Storsamfunnet pliktar å stille opp ved desse store naturkatastrofane. Viss ikkje vil veldig mykje dyrka marka som ligg inntil høge fjell eller brear sakte, men sikkert gå ut av drift.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Det andre problemet oppstår ifølgje Felde når naturskadeordninga ikkje godtar anboda som er komne inn for å reparere skaden.

– Det kan vere millionar av kroner i forskjell mellom det dei vil betale ut og det som er antatt det vil koste å reparere.

Stortinget avgjer

Statens naturskadeordning skal dekkje skadar som private forsikringar ikkje dekkjer ved naturskade. Seksjonssjef i Landbruksdirektoratet Kai Terje Dretvik viser til at ordninga som hovudregel dekkjer kostnadene med å gjenoppbygge skadd areal med frådrag for eigendel.

Viss kostnaden er vesentleg større enn bruksverdien på det skadde arealet, kan det i staden utbetalast erstatning for bruksverdi.

– Denne erstatningssummen er gjennomgåande lågare enn gjennoppbyggingskostnadene. Viss taksten i all hovudsak omtalar gjenoppbyggingskostnader vil det kunne bli betydelege forskjellar på beløpa, opplyser han.

Det kan føre til at skada areal ikkje blir gjenoppbygd, men blir liggjande brakk.

– Landbruksdirektoratet ønskjer ikkje at matjord skal gå ut av drift, påpeiker han.

Om regelverket skal endrast, er opp til stortingsfleirtalet å avgjere.

Når det gjeld skilnad mellom anbod og takst, seier Dretvik at dei opplever dette i enkelte tilfelle. Somme gonger handlar det om at kostnader som ikkje går inn under naturskadeordninga, er rekna med i anbodet. Andre gonger kan det handle om ulike syn på kva det kostar å byggje opp at det som er skada.

– Kvar sak blir behandla individuelt, og det er gode klagemoglegheiter, seier Dretvik.

– Lite framtidsretta

Det siste punktet Sogn og Fjordane Bondelag opplever som utfordrande, er at utbetalingane dekkjer kostnader knytt til i å setje tilbake til standen som var før ein skade skjedde, men det blir ikkje gitt midlar til å gjere utbetringar.

I nokre tilfelle er ikkje det godt nok, meiner dei.

– Vi meiner det er lite framtidsretta fordi vi veit får meir ekstremvêr, seier Felde.

Uansett kvar dyrka mark ligg, skal den reparerast. Det har storsamfunnet råd til. Dyrka mark er veldig verdifull for framtidig matproduksjon.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Dretvik stadfestar at regelverket i dag er slik at ein får utbetalingar slik at ein kan setje tilbake til standarden som var før skaden skjedde, men ikkje for utbetringar og sikringsarbeid.

– Sjølv om ordninga er slik, finst det andre moglegheiter, til dømes gjennom NVE, seier Dretvik.

Vil byggje opp att

Sogn og Fjordane Bondelag vil no få med seg Noregs Bondelag på laget.

– Vi ønskjer truleg også kalle inn ordførarane i dei råka kommunane. Så vil vi møte Statens naturskadeordning, og politikarar dersom oppdraget til naturskadeordninga bør endrast, seier Felde.

Seksjonssjefen seier dei også i Landbruksdirektoratet bur seg på meir ekstremvêr i framtida.

– Vi lukkar ikkje auga for utviklinga. Vi gjer evalueringar heile tida. Men om det skal gjerast endringar i regelverket, er eit politisk spørsmål, seier Dretvik.

Geir Støfring er innstilt på å få marka tilbake slik ho var, men trur det vil ta nokre år før det blir mogleg.

– Ein må kome vidare og få ordna opp, men det tar tid, seier han.