NRK Meny
Normal

Her forstår Marius og Johannes at det ikkje er tannlegen dei skal til

Marius og Johannes Konstali-Lødemel frå Stryn trudde dei var på ein tannlege-tur til Ørsta, men enda på heimebana til Real Madrid.

OVERRASKA: Far til gutane klarte å lure gutane. Sjå kor glade dei blei.

– Pappa sa at vi skulle smile til kamera, så såg vi inn i bilen og der låg passa våre og Real Madrid-drakter, fortel Marius Konstali-Lødemel (11).

– Vi spurde kva kamp vi skulle på, og då sa han "Kva kamp går i morgon"?

– Eg vart skikkeleg glad og overraska, eg trudde eg skulle til tannlegen, seier Johannes Konstali-Lødemel (13).

Favorittspelaren scora

Gutane har vore Real Madrid-fans i fleire år. Kampen dei skulle på var ikkje mindre enn kvartfinalen i Champions League der Real Madrid møtte Juventus på Santiago Bernabeu-stadion.

Marius og Johannes Konstali-Lødemel på heimebana til Real Madrid

FEKK SJÅ FAVORITTLAGET: Turen til tannlegen enda på Santiago Bernabeu-stadion, der Marius (11) og Johannes (13) Konstali-Lødemel fekk oppleve favorittlaget Real Madrid.

Foto: PRIVAT

– Det var ein draum som gjekk i oppfylling. Det var kjekt å berre å sjå stadion, og ikkje minst sjå Ronaldo, seier Johannes.

Og oppgjeret blei nesten litt for spennande då favorittspelaren Ronaldo kunne avgjere i dei aller siste minutta av kampen.

– Det var 3–0 til Juventus og samanlagt 3–3. I det 92. minutt var det straffe, og då var vi så heldige å sitje rett bak målet og såg Ronaldo score på straffe. Det var skikkeleg kult, fortel Johannes, som seier seg godt nøgd med at favorittlaget med det tok seg vidare til semifinale i Champions League.

Fulltreffar

Far Jarle Fretheim Konstali Lødemel fortel at han hadde lova tur på fotballkamp dersom eldstemann Johannes greidde å trikse 500 gongar med fotballen. I vinter kom han over tusen, og tur blei bestilt. Det er liten tvil om at det fall i god jord hos sønene som har fotball som favorittsport.

– Det var ganske god fulltreffar. Det var ein artig reaksjon når dei forstod det, seier Lødemel.

Marius og Johannes Konstali-Lødemel og far Jarle Fretheim Konstali Lødemel

FULLTREFFAR: – Det var ganske god fulltreffar. Det var ein artig reaksjon når dei forstod det, seier Jarle Fretheim Konstali Lødemel om fotballoverraskinga han ordna for sønene Marius og Johannes. Bror til Jarle var også med på turen.

Foto: PRIVAT

– Det er ei kanskje påminning på at ting ikkje er så viktige, men desse opplevingane lagrar dei for alltid. Eg trur dei kjem til å hugse dette ei stund. Kanskje det kan inspirere fleire. Eg er i alle fall veldig glad og takknemleg for at vi fekk gjort det.

Du er ikkje redd for å ha lagt lista høgt neste gong de skal til tannlegen i Ørsta?

– Eg er eigentleg redd for at kvar gong vi set oss bilen no, så trur dei vi skal til Spania eller England. Vi må nok ta dei ned på jorda igjen, ler han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune