Hopp til innhold

Mariell (14) stod 20 meter frå ulven

Mariell Taraldsen (14) er ikkje i tvil. Dyret ho måndag kveld stod berre 20 meter ifrå, var ein ulv. – Eg er framleis litt skjelven, fortel den unge honndølen.

Mariell Taraldset

VART REDD: Mariell Taraldset tykte det var ei flott oppleving, men likevel skummelt å sjå det ho er skråsikker på var ein ulv. – Framover kjem eg nok sikkert til å finne meg ein annan veg å gå. Eg går ikkje der åleine den neste veka, seier ho.

Foto: Harald Vartdal / Fjordingen

Møtet fann ifølgje Fjordingen stad då Mariell Tardalset hadde gått kring ein tredjedel av stien opp til setra.

– Eg stogga opp for eg såg noko 20 meter lenger oppe. Eg såg litt på den før eg la på sprang ned att. Det var skummelt, fortel 14-åringen til NRK.

– Du er sikker på at det var ein ulv?

– Ja, eg såg heile dyret. Den var ganske høg og gråbrun i farge. Den var ganske stor, seier ho.

Festar lit til Mariell

Rovviltkontakt i Nordfjord, Ingolf Folven, seier til avisa at han festar stor lit til observasjonen. På same tid i fjor var det gjort liknande observasjonar i Grønfurvika i Oppstryn, på Flofjellet, Sunnylven og Utvikfjellet.

Mogeleg ulvespor

SÅG SPOR: Mariell Taraldset tok dette bilete av spora ho såg to dagar tidlegare.

Foto: Privat

I fjor sommar vart ein ulv skoten på Sunnmøre. I midten av desember vart ein ulv felt i Naustdal.

– Lokalkjende folk som eg har snakka med, fortel at dette ikkje er ein naturleg opphaldsplass for hund. Så det er ingen grunn til å tvile på at det var ein ulv Mariell Taraldset såg, seier Folven til Fjordingen.

Såg spor

Taraldset fortel til NRK at ulven var på veg nedover då ho såg den. Dette var den fjerde dagen på rad at ho gjekk i området.

Holskarsetra

To av dagane la ho merke til spor i snøen som tyda på at det kunne vere eit større rovdyr i området.

– Dei var ganske store, og ein kunne sjå godt at det var klør, seier ho.

Mange ulvar på vandring

Rein Arne Golf

SNO: Rein Arne Golf oppmodar alle om å melde frå om moglege observasjonar av ulv eller det som kan vere spor etter rovdyret.

Foto: Arve Uglum / NRK

Rein Arne golf i Statens naturoppsyn seier at sjølv om det i det siste har vore fleire observasjonar av det som kan vere ulv, så har dei ikkje bevis på at ulv har slått seg til her.

– Vi har ikkje klart å verifisere fleire ulvar, men vi må vere opne for at det kan vere fleire ulvar og at det kan komme inn fleire ulvar framover. Det er ein del unge ulvar som er på vandring i Skandinavia og dei kan i teorien dukke opp både her og der, seier han.

Meld frå om funn

Golf understrekar at det er viktig at moglege observasjonar og funn av det som kan vere ekskrement, spor og hår frå ulv, blir meldt inn.

Mogeleg ulvespor

SPOR: Mariell Taraldset tok dette biletet av sporet frå det som kan vere ein ulv.

Foto: Privat

– Spor i snø kan vere vanskeleg å sjå om det er ulv, eller om det er smelta spor frå rev eller hund. Det er slike observasjonar vi må ta med oss, og så får vi sjå om det er mogleg å få verifisert at det er ulv i området, seier han.

– Kor vanleg er det å komme så nær som 20 meter?

– Det kan nok skje både her og der dersom rovdyret ikkje er klar over at det er folk i området. Elles har dei veldig gode sansar og skyr folk.