Hopp til innhold

Marie Kristin feira 25-årsdagen sin saman med kongeparet

Ei heilt unik oppleving som ho aldri vil gløyme. Slik skildrar Marie Kristin Taklo si eiga 25-årsdagsfeiring saman med sjølvaste kongeparet.

Marie Kristin Taklo på kongejubileet

PERFEKT BURSDAG: Marie Kristin Taklo saman med dei andre 25-åringane som fekk feire dagen sin med kongeparet.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

17. januar 1991 døydde kong Olav, kong Harald blei konge og Marie Kristin Taklo blei fødd! Men at ho skulle få feire dagen sin saman med den kongelege familien hadde ho ikkje trudd.

Ho og 18 andre bursdagsbarn blei nemleg plukka ut til å få delta på den store 25-årsfeiringa i hovudstaden søndag, med lunsj og festkonsert.

Kjem aldri til å gløyme dette

– Det var heilt fantastisk, eg kjem aldri til å gløyme denne dagen her. Eg sat i Universitetets aula og måtte nesten knipe meg sjølv i armen og tenke at eg faktisk fekk oppleve dette her, fortel Marie Kristin på telefon frå Oslo.

Tusenvis av menneske flokka seg i dag rundt den Universitetsplassen og Slottsplassen for å hylle kongeparet i dag.

– Det var så mange folk ute i gatene, og det var så god stemning. Når vi var på veg inn i aulaen, så ropte jo folk gratulerer med dagen til oss. Det var veldig kjekt og litt rart!

– Tidenes bursdagsfeiring

Det var Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som plukka ut ho som representant frå vårt fylke. Etter lunsj og festkonsert med kongeparet, gjekk turen til statsministerbustaden.

– Det gjekk eigentleg ikkje heilt opp for meg før i dag, det er så spesielt å bli invitert til noko slikt. Eg er berre utruleg takksam for at eg blei vald ut. Dette er tidenes bursdagsfeiring, rett og slett!