NRK Meny
Normal

Mari (24) har funne draumejobben som turistvert

JOSTEDALEN (NRK): Mari Ese frå Jostedalen elskar heimbygda si, og har alltid drøymt om å drive ein gjesteheim. I sommar har ho hatt draumejobben på staden ho er mest glad i.

Mari Ese

NØGD: Mari Ese er strålande fornøgd med å ha sikra seg jobb som turistvert i heimbygda

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Å drive ein gjesteheim der det stadig går og kjem folk, det luktar urter og nybaka brød og ein kan høyre musikk i bakgrunnen. Det har vore draumen min, og no er eg her, seier Ese.

Ese bur til vanleg i Bergen, og har jobben som turistvert som ein sommarjobb i heimbygda. Til vanleg driv ho mykje med musikk og studerer psykologi på universitetet.

Entreen til Nigardsbreen gjesteheim

FLOTTE OMGJEVNADAR: Jostedalen er ein vakker stad, og gjesteheimen ligg i mektige omgjevnadar

Foto: Åste Urdal / NRK

Reiste heim så fort som mogleg

Les også: Fire årstider på ein dag

– Eg reiste heim att i Juni med ein gong eg var ferdig med studia. Eg ville heim så fort som mogleg, så eg byrja her rett etter at skulen var ferdig.

Gjesteheimen har seks rom, og eit litt varierande tal på sengeplassar.

– Her er det plass til alle, så om folk treng fleire madrassar på rommet sitt så ordnar vi det.

Nigardsbreen gjesteheim

FLEKSIBLE PÅ ROMFORDELINGA: på Nigardsbreen gjesteheim er dei fleksible på kor mange gjester som får bu på kvart rom, dei har alltid ei ekstar madrass liggjande

Foto: Åsta Urdal / NRK

Veldig glad i bygda si

Ese kjem fem minutt å køyre ifrå gjesteheimen som ho driv i sommar, og det er ikkje tilfeldig at det er heime i Jostedalen ho vel å ta sommarjobben.

– Eg er vel ein av dei som skryter mest av bygda mi. Når eg møter nye folk i Bergen kjem det veldig fort fram at eg er jostedøl. Det er veldig viktig for meg, seier Ese.

Les også: Gløtt av sol - sjå bileta frå Utkant

Ese har fått jobben som turistvert ved Nigardsbreen gjesteheim etter å ha kome i prat med eigaren på ein fest i Bergen, og ho har fått ganske frie tøyler til å gjere staden til sin eigen.

– Eg får styre mykje på som eg vil her i huset, og det eg brenn mest for er jo mat. Eg vil at alt skal vere heimelaga og eg vil nytte mest mogleg lokale produkt, så vi bakar mykje brød og lagar alt ifrå syltetøy til gryterettar frå botnen av.

Eit rom på Nigaardsbreen gjesteheim

TRADISJONSRIKT: huset der Mari ese driv gjesteheim har teke i mot turistar sidan 1954

Foto: Åsta Urdal / NRK

Ein god stad å vere for alle

Gjestane på den vesle turiststaden skal gjerne klatre på Nigardsbreen, og kan stille i fullt breutstyr. Men Mari er også oppteken av at det skal vere ein god stad å vere for dei lokale jostedølane.

– Det er kjekt å ta i mot turistar og gjester frå andre stadar, men eit viktig element i dette her er at gjesteheimen skal vere ein plass dei lokale og kan kome og føle seg velkomne, seier Ese.

Brebilete på Nigardsbreen gjesteheim

BREFOLK: mange av dei som bur på Nigardsbreen gjesteheim kjem for å gå på breen, og det heng bilete av folk på bretur i huset

Foto: Åsta Urdal / NRK

Eit hus med lange tradisjonar

Huset der ein finn Nigardsbreen gjesteheim vart bygd i 1954 og har husa gjester heilt ifrå byrjinga. Ese har store planar for korleis det kan gjerast endå koselegare.

– Eg har ein far som går og steller i hagen og prøver å gjere han finare, og så har vi hatt litt planar om å få til ein pub i kjellaren. I tidlegare tider har det skjedd mykje forskjellig her i huset, og vi vil gjerne få til noko av det same att.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.