Hopp til innhold

Margot (74) trenar inne for meistre ute

74 år gamle Margot Fonn pressar vektene fram og får forma opp. Ho er ei av mange som har byrja på treningssenter i vinter.

Margot Fonn

IVRIG MOSJONIST: Margot Fonn trenar for å føle seg sterk i kroppen, og ho har eit klart mål med treninga si.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Her trenar vi bryst- og ryggmusklane. Strekk deg godt fram og trekk tilbake.

Den spreke pensjonisten får kyndig hjelp av dagleg leiar Håvard Røneid ved Puls Førde. Margot Fonn har funne seg godt til rette mellom vekter og treningsapparat.

Det var så mykje grått ver og det blei lite turgåing ute. Eg måtte gjere noko, så difor starta eg å trene inne. Det har vore veldig positivt, fortel ho.

Ved Puls har dei fått 165 nye medlemmer.

– Vi har hatt ein omsetnad som er 43 prosent høgare enn januar i fjor, seier Røneid.

Håvard Røneid og Margot Fonn
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Får draghjelp frå media

For sjølv om januar tradisjonelt er ein god månad, er veksten overraskande.

– Det er utruleg gøy. Eg trur det kjem at vi har gjort mykje rett. Vi har også fått god draghjelp sidan det er mykje om trening og helse i media.

Fleire kundar gjer at senteret kan investere i nytt utstyr.

– Målet er å ha noko for kvar og ein som startar å trene, uavhengig av form.

Senteret har om lag 1800 medlemmer, alt frå seniorar til ungdomsskuleelevar.

– Fellesnemnaren er at folk vil vere meir i aktivitet. Mange er aktive ute, men manglar styrke. Andre har vore sofaslitarar i mange år og treng hjelp til å byggje seg opp att.

Margot er ikkje aleine om å byrja med trening på treningsstudio i godt vaksen alder. Tal frå levekårsunderundersøkinga 2016 frå Statistisk sentralbyrå viser at 17 prosent av dei frå 67 til 79 år har trena på treningssenter det siste året. Det er meir enn dobbelt så mange som for 13 år sidan. I aldersgruppa 55-66 år har ein av fire vore innom treningsstudio.

Auke hos mange

Fleire treningssenter i Sogn og Fjordane opplever auke i medlemstalet:

  • Spenst i Førde fekk 212 nysignerte kontraktar i januar 2017. Det er 32 fleire enn same månad i fjor.
  • Måløy Treningssenter har hatt ein liten nedgang i tal på medlemmer, men har fleire som nyttar medlemsskapet sitt aktivt enn på same tid i fjor.
  • Spenst i Florø hadde 350 medlemmar då dei opna i august 2015. No er medlemstalet på 1262.
  • Idrettssenteret i Sogndal har auka med 400 medlemmar sidan januar i fjor.

Ved Puls Førde gler dei seg over alle treningsglade som kjem. Dagleg leiar Håvard Røneid seier det er viktig å ikkje avgrense seg sjølv. Han brukar Margot Fonn som døme på det.

– Ho er 74, men 30 år i hovudet. Ho hiv seg rundt og tek imot nye utfordringar.

Håvard Røneid og Margot Fonn

GODT MED HJELP: Dagleg leiar Håvard Røneid ved Puls Førde seier at mange ønskjer rettleiing.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vil bli sterk i kroppen

Den spreke kvinna trenar ho så ofte ho kan. Målet er heilt klart.

Margot Fonn

SPREK: 74-åringen Margot Fonn trenar så ofte ho kan, både inne og ute.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg vil føle meg sterk i kroppen og beina slik at eg får lyst å gå på fjellturar. Eg er veldig glad i naturen.

– Så du brukar styrketrening for få flotte naturopplevingar?

– Ja, eg kjenner det gjer godt i kroppen. Eg vil klare å gå opp bakkane til hytta utan å stoppe. Og i sommar vil eg vere med barn og barnebarn når dei skal på fjellturar.