Hopp til innhold

"Familien har det vanskeleg, og dette er ein frykteleg tung dag"

Margaret Molland Sanden blei i dag gravlagd frå Årdal kyrkje. 19-åringen var ein av dei tre som vart drepne på Valdresekspressen sist måndag.

Frå kyrkja

FULL KYRKJE: Mange hundre hadde møtt opp for å ta eit siste farvel med Margaret Molland Sanden (19) i Årdal kyrkje.

Foto: Kjell Grønli/Sogn Gravferdshjelp / NTB scanpix

Den unge kvinna var på veg tilbake til studiane i Oslo då ho vart drepen. Bussturen tilbake til hybelen i hovudstaden fekk ein brå slutt berre nokre kilometer frå heimstaden.

I ettermiddag fyller familie, vener og andre Årdal kyrkje for å ta eit siste farvel. Like før gravferda, som tok til klokka 13, strøymde fleire hundre menneske til for å ta eit siste farvel med Margaret i Årdal kyrkje.

– Familien har det veldig vanskeleg og frykteleg tungt, seier Maria Kirkeeide Ravnå som er bistandsadvokat for familien til den drepne 19-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

På kyrkjegarden

SAMLA I SORG: Mange hundre menneske følgde Margaret Molland Sanden (19) til siste kvilestad ved Årdal kyrkje.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ei artig og blid jente

Bussdrapa i Årdal sist måndag har rysta ein heil nasjon. Ein 30-år gamal asylsøkjar er pågripen og sikta for trippeldrap etter at han tok livet av sjåføren og dei to passasjerane på Valdresekspressen.

Bussjåfør Arve Kvernhaug (55), Brahim Khoya (53) og Margaret Molland Sanden (19) vart alle uskuldige offer.

19 år gamle Margaret Molland Sanden var førsteårsstudent ved Institutt for industriell utvikling ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ho hadde hestar og riding som den store interessa, og var sjølv i stallen for å stelle hesten sin i Årdal helga før ho vart drepen. I hestemiljøet var ho den snille og greie jenta som sjeldan sa nei.

– Alle visste kven Margaret var. Ho var med på mykje, og ei artig og blid jente som spreidde glede. Det er ufatteleg at det kan skje her i vesle Årdal. Det skal jo liksom vere trygt. Men no kan alt skje, sa stallvennine Malin Hovland etter den grufulle hendinga sist veke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Margaret Molland Sanden

BLIR GRAVLAGD I DAG: Margaret Molland Sanden vart drepen på bussen på veg frå Årdal sist måndag.

Foto: Christian Blom/Privat

– Forstår ikkje at ho er borte

Familien til 19-åringen reagerte med sjokk då dei fekk meldinga om at eldstedottera var riven vekk frå dei. Talsperson for familien, Per Kristian Pedersen, har tidlegare gitt uttrykk for at familien set pris på all hjelpa dei har fått frå kommunen.

Maria Kirkeeide Ravnå som er bistandsadvokat for familien seier dei har det svært vondt og vanskeleg.

– Dei har store vanskar med å forstå at Margaret ikkje lenger er blant dei, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lys i busskur

TENDE LYS: Fleire stader i Årdal stod det gravlykter og brann. Her i busskuret på Årdalstangen, staden der Margaret gjekk på bussen førre måndag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ein svært tung dag for familien

Kyrkja vil ikkje vere open for pressa under gravferda i ettermiddag, og familien har bede om å få mest mogleg ro under seremonien.

– Dette blir ein krevjande og svært tung dag for familien. Dei ønskjer å ha mest mogleg ro rundt dagen, med minst mogleg fokus frå media. Dei ønskjer at seremonien skal vere mest mogleg privat, så dei kan få ta farvel på ein best mogleg måte, seier ho til NRK.no.

Dei næraste pårørande samla seg til minnestund i kyrkjelydshuset like ved kyrkja etter gravferda. Samfunnshuset på Årdalstangen er ope for alle som ønskjer å møtast etter gravferda.

Kjenner seg godt ivaretekne

Kirkeeide Ravnå har hatt nær kontakt med dei råka familiane i den svært tunge tida dei er i. Ho har hatt oppgåva med å gi familien svar og informasjon, og har vore bindeleddet mellom familien og politiet. Ho seier familien føler seg godt tekne vare på av vener, familie og det kommunale hjelpeapparatet.

– Dei har vore veldig tydelege på at dei har fått veldig mykje støtte frå familie, venner og frå kommunen. Det har vore godt for dei at dette har fungert, seier ho.

Den 30 år gamle asylsøkjaren frå Sør-Sudan blir i dag for første gong avhøyrd av Kripos.