Hopp til innhold

Mardal til U23-EM

Sleggekastaren Thomas Mardal frå Gloppen er teken ut til U23-EM i friidrett, som den einaste utøvaren frå Sogn og Fjordane. Tidlegare i sommar sette Mardal ny personleg rekord med eit kast på 73,10 meter. Dette er det fjerde lengste kastet ein norsk utøvar nokon gong har gjort. Meisterskapen arrangerast i Gävle i Sverige 11.-14. juli.