Hopp til innhold

Stolt over å ha sikra seg fem gull og eit sølv

Med seg i bagasjen heim frå Ungdoms-NM i friidrett hadde Thomas Mardal frå Sandane fem gull og eit sølv. Det er ein bragd som sjølv han er imponert over.

Thomas Mardal frå Sandane tok gull i lengde og fire andre øvingar under U-NM.

GULLGROSSIST: Thomas Mardal frå Sandane kunne smykke seg med gull i lengde, kule, diskos, spyd og slegge. På 100 meter sprang han inn til andreplass.

Foto: Thore-Erik Thoresen

– Helga har vore over all forventning, absolutt. Eg hadde som ambisjon å ta medalje i alle øvingane, men eg hadde ikkje forventa så mange gullmedaljar. Så mange gull er eg stolt over, seier Thomas Mardal.

For under Ungdoms-NM i friidrett i Haugesund i helga gjorde han omtrent reint bord i dei øvingane han var med i. I løpet av to intense dagar sikra han seg gull i lengde, spyd, diskos, kule og slegge, og sølv på 100 meter.

– Eg hadde ikkje forventa gull i spyd og lengde, for der har folk både kasta lenger og hoppa lenger enn eg har gjort tidlegare i år, seier ein tydleg glad 17-åring.

Eineståande prestasjon på kort tid

I løpet av helgas konkurransar tok utøvarar frå fylket sju gull, fire sølv og fire bronse. Dagleg leiar i norsk friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, er glad for dei mange gode pretasjonane. Han meiner likevel at det er noko heilt spesielt med Mardal sine prestasjonar.

– Eg er ikkje overraska over talet på medaljar, men det er heilt spesielt å få så god utteljing med gull. Prestasjonen hans er fantastisk, seier Heggheim imponert.

Stemnet starta fredag ettermiddag, og for Mardal sin del slutta det laurdag ettermiddag. I løpet av den korte tida var han gjennom seks forsøk i kvar av dei tekniske øvingane, i tillegg til forsøk og finale på 100 meter.

– At han får slik utteljing på så kort tid gjer berre prestasjonen enno større. Det fysiske er ein ting, men han skal også motivere seg mentalt og prestere. Det er ganske eineståande, meiner Heggheim.

Narve Heggheim under friidrettsstemne

IMPONERT: Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrett meiner Thomas Mardal sine prestasjonar i helga er eineståande.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Med den store medaljefangsten under stemnet gjorde Mardal seg også historisk.

– Det har aldri skjedd før at nokon på herresida i ungdomsmeisterskapen har vunne alle kastøvingane. Dermed er han historisk ikkje berre i fylket, men også nasjonalt, fortel Heggheim.

Let ikkje sjukdom stå i vegen

17-åringen frå Sandane har også diabetes. Det gjer at han må vere meir bevisst på kosthald og mat. Han let likevel ikkje sjukdomen vere eit hinder for idrettskarrieren.

– Eg har ein velbalansert sjukdom, og ingen store problem. Det er mange som slit mykje meir med varierande blodsukker. Eg må ha fokus på det, men det er også viktig at eg klarer å konsentrere meg og har fokus på det eg skal gjere der og då, fortel Mardal.

Til vanleg er han elev på idrettslinja ved Firda vidaregåande skule, noko som gjer det mogleg for han å kombinere skule og trening på best mogleg vis. Sjølv meiner han at alt klaffa maksimalt denne helga.

– Eg var i veldig god form i helga, og alle konkurransane gjekk betre enn eg hadde forventa, seier Mardal, som i dag er tilbake på skulebenken.

Årets sesong er over, men han er allereie klar på at han skal bruke vinteren til trening for å legge grunnlaget for neste sesong.

Heggheim trur Mardal har ei lysande framtid på friidrettsbana.

– Han har absolutt føresetnadane for å lukkast som idrettsutøvar. Han må bygge stein for stein, og gjere jobben som skal til og ha eit godt lag rundt seg, og det ser det ut som han har.