Hopp til innhold

Tenåringsidola sette fyr på Årdalstangen

ÅRDALSTANGEN (NRK): Marcus & Martinus laga nett så mykje liv som venta i Meieriparken. Til stor glede for hylande tenåringar.

Folkehavet i Meieriparken.
Foto: Christian Blom

Målrock kunne knapt fått ein betre start på sitt 14. festival. Og eit jentedominert publikum fekk det dei kom for.

Tenåringsidola leverte hit på hit på hit, skapte allsong og knipsa bilete med mobilen til hylande tenåringsjenter.

– Konserten var mykje betre enn på Norway Cup. Dei song fleire songar. Dette var stort, strålar Martine Skjerven (12) frå Hafslo.

Elise Stein Stølen, Martine Skjerven, Andrea Stein

NØGDE: Elise Stein Stølen, Martine Skjerven og Andrea Stein var stornøgde etter konserten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fekk klem

Saman med venene Elise Stein Stølen (14) frå Sogndal og Andrea Stein (12) frå Hafslo kom Skjerven til Årdalstangen i 13-tida. Fem timar seinare var konserten i gang. Ei fleire hundre meter lang kø utanfor konsertområdet, var blitt til ei tettpakka folkemengd i Meieriparken.

Marcus & Martinus

SHOW: Marcus & Martinus har over 30 utselde konsertar i sommar, og viste i Meieriparken kvifor. Dei lova flørting med publikum, og det vart det.

Foto: Christian Blom

Etter ein time med synging og lange blikk, gjekk Marcus & Martinus av scena. I folkemengda heilt framme stod tenåringsjentene.

– Høgdepunktet var å få ta dei i handa, få ein klem. Og ikkje minst å høyre dei synge, seier Elise.

– Er det noko liv her?

Publikumet tok heilt av då 14-åringane frå Trofors i Nordland entra scena i Meieriparken. Og allereie frå første låt var publikumet med på allsong. Og dei skrytte både av publikum og naturen.

Marcus & Martinus

POPULÆRE: Dei som stod heilt fremst fekk eit nærmøte med tenåringsidola.

Foto: Christian Blom

– Vi har aldri opplevd at så mange har sunge med på «Ei som deg», stråla duoen før dei unødig spurte:

– Er det noko liv her?

Responsen lét ikkje vente på seg. Også Elise, Martine og Andrea lét seg rive med. I ansiktet hadde dei både bokstavane «M» og hjarte.

– Dei er verdt det. Dei syng veldig bra, dei skriv veldig bra låtar og er kjekke, fine og søte, smiler dei.

Litt låg scene

Medan Marcus & Martinus sette kursen mot Skalldyrfestivalen i Mandal, kan både publikumarar og arrangørar smile breitt etter ein elektrisk kveld i Meieriparken.

– Det gjekk kjempebra. Vi var litt uroa for vêret. Det var litt vinding og varierande, så vi var både på alerten og forsiktige. Og så trur eg dei aller fleste oppførte seg fint, så eg trur det vart ei god oppleving for publikumet, seier festivalsjef Kathrine Clausen Fredheim.

Både frå scena og i forkant av konserten vart vaksne oppmoda om å vise omsyn til alle dei små. Ei litt låg scene gjorde det utfordrande for dei minste lengst bak å få sjå tenåringsidola på scena.

Arrangøren erfarte også at langt fleire kunne fått opplevd flørtinga frå dei to 14-åringane på scena.

– Eg ville gjerne hatt sol, skyfri himmel og godt og varmt vêr, men folk kledde seg godt og møtte i hopetal. Likevel så ser vi at det var god plass. Det vart ikkje heilt stinn brakke, seier Fredheim.

Rett av stad for å handle

Når festivalen no held fram med band som Dizzy Mizz Lizzy, Sondre Justad, Ingebjørg Bratland og DumDum Boys, blir det nok utan svært mange av dei som var i Meieriparken onsdag.

– No skal vi rett av stad for å kjøpe oss t-skjorter, og så blir det heim, fortel Elise, Andrea og Martine.

Godt nøgde etter å ha fått høyrt favorittlåten «Girls» live.