NRK Meny
Normal

Maratonkongen tok sin 112. siger

Maratonkongen Helge Hafsås frå Olden vann laurdag sin 112. maratonsiger.

Helge Hafsås

Helge Hafsås frå Olden var raskast under Nordvest Maraton på Sunnmøre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Berre ei veke etter at han la bak seg 83 km på seks timar på Eidsvoll, vann Helge Hafsås Nordvest Maraton med tida 2.55,05.

Løyperekord i 2006

Hafsås leia lenge med klar margin under løpet frå Runde til Hareid. Men etterkvart som beina stivna til, tok brørne Petter og Olav Krakset klart innpå.

Hafsås, som sprang i klassa 40-44 år, kom likevel i mål fem minutt før neste mann. I 2006 sette milslukaren frå Olden løyperekord under Nordvest Maraton med tida 2.33,10.

Haugen vann

Fleire løparar frå fylket stilte til start under maratonløpet på Sunnmøre.

Knut Sollid (Hornindal) vart nummer to i klassa menn 45-49 år med tida 3.45,08. Inge Asbjørn Haugen (Hornindal) vann klassa 55-59 år med tida 3.47,28. I same klasse vart Øyvind Watne (Førde) nummer tre med tida 4.02,42.

Einar Strand (Olden) vart nummer to i klassa for menn 50-54 år på halvmaraton. Strand kom i mål til tida 1.31,27.

Vegopning på Bergum i Førde kommune