Brannmannskap nektar å jobbe om politikarane ikkje snur

Fryktar beredskapen vert svekka etter kommunesamanslåing.

Stig Tveit, brannmann i Jølster.

MEINER DEI IKKJE VERT HØYRT: Stig Tveit er brannmann i Jølster. No fryktar han for kriseberedskapen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Den føreslåtte organiseringa svekker beredskapen og kompetansen i Jølster, seier Stig Tveit, som er talsmann for brannmannskapa på Skei og Vassenden i Jølster kommune.

Tysdag gjekk han ut i Firda Tidend og kritiserte den planlagde omorganiseringa av brannvesenet under samanslåinga av Førde, Naustdal, Jølster og Gaular.

I eit brev til politikarane trugar brannmannskapa i Jølster med å slutte om den føreslåtte organiseringa av brannvesenet i nye Sunnfjord kommune vert vedtatt.

Dei karakteriserer prosessen bak samanslåinga som svært kritikkverdig.

– I alle liknande prosessar knytt til kommunesamanslåinga vert fagmiljøa høyrt. Det vart ikkje vi, seier Tveit.

Brannmannskapa i Jølster spelte ein sentral rolle då kommunen vart råka av flaum i sommar. No krev dei at politikarane og administrasjonen i Sunnfjord kommune lyttar.

– Beredskap og vaktordningar i Jølster må vere på same nivå etter samanslåinga, og vi vil bli høyrde når det kjem til eventuelle endringar, seier Tveit.

ras i Jølster

SPELTE SENTRAL ROLLE: Brannsjef Tor Arild Segtnan og resten av brannfolka i Jølster spelte ei viktig rolle under raskatastrofen i Jølster i sommar.

Foto: Hallstein Dvergsdal / Firda Tidend

Kjenner seg ikkje att i kritikken

Kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune Øyvind Bang-Olsen kjenner seg ikkje att i påstanden om at han og resten av administrasjonen ikkje har lytta til brannmannskapa i Jølster.

– Det har vore ei usemje som har vore der over lenger tid. Vi har hatt dialog og innspelsmøte for å løyse konfliktane, men vi må vi ta til etterretning at prosessen ikkje har vore lagt opp slik dei ønskjer, seier han.

Øyvind Bang-Olsen, kommunalsjef for teknikk og miljø i Sunnfjord kommune.

LEIAR OMORGANISERINGA: Øyvind Bang-Olsen

Foto: Bård Siem / NRK

Lang og heit debatt

NRK møtte Bang-Olsen på tysdag då konflikten mellom administrasjonen i Sunnfjord kommune og brannmannskapet i Jølster vart diskutert i Utval for samfunn, kultur og næring.

Det vart ein heit debatt der det til slutt vart vedteke at det skal vere ein felles brannsjef i den nye kommunen. Samtidig vart det slått fast organiseringa av brannvesenet skal opp til ny politisk behandling innan 1. juli neste år dersom partane ikkje vert einige. Avgjersla vert tatt i kommunestyret i Sunnfjord kommune neste veke.

Ein av politikarane som var til stades var Steinar Dvergsdal (Sp) frå Jølster. Han meiner politikarane må lytte til brannmannskapa i Jølster.

– Eg kjenner dei som sindige og flinke folk, dersom ein ikkje blir einige med dei er det klart at politikarane må sjå på saka på nytt, seier Steinar Dvergsdal (Sp).

Steinar Dvergsdal (Sp)

MEINER POLITIKARANE BØR LYTTE: Steinar Dvergsdal (Sp) oppmodar politikarane i Sunnfjord kommune til å lytte til brannmannskapa når saka skal opp til politisk vurdering i kommunestyre neste veke.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil forsikre seg mot at beredskapen blir svekka

Stig Tveit var ikkje til stades då saka vart diskutert i utvalet, men ser positive trekk ved utfallet. Han understrekar at det er opp til kvar enkelt i mannskapa å ta stilling til saka.

– Eg ser positive element i vedtaket, men vi slepp ikkje «guarden» enda. Vi må gå djupare inn i saka og vere sikre på at beredskapen i Jølster ikkje vert svekka før vi bestemmer oss, seier han.

Bernhard øberg, brannsjef i Sunnfjord kommune.

INGEN KOMMENTAR: Bernhard Øberg, brannsjef i Sunnfjord kommune, innrømmer at den oppheita striden har vore belastande. Han ønskte ikkje å kommentere saka på tysdag.

Foto: Bård Siem / NRK