NRK Meny
Normal

Han lengta heim til ho mor - no kan vi takke han for at vi er eit eige fylke...

At Sogn og Fjordane kan feire 250-årsjubileum i år kan vi takke ein litt spesiell kar for. Historikarane vil ha det til at det heile skuldast at han lengta heim til mor.

Joachim de Knagenhielm

FØRSTE FYLKESADMINISTRASJONEN: Her frå Kaupanger Hovedgård styrde Joachim de Knagenhielm amtet frå 1763.

Aage Engesæter

IKKJE NATURLEG EINING: Historikar Aage Engesæter seier Nordfjord, Sunnfjord og Sogn vart samla i eitt amt trass i at dei ikkje utgjorde ei naturleg eining.

Foto: NRK

I dag er Sogn og Fjordane fylkeskommune med på å arrangere karrieremesser for å lokke utflytta sognogfjordingar med utdanning heimatt. Mannen som oppretta det som i dag er Sogn og Fjordane må ha vore ein som dei godt kunne ha brukt som rollemodell på desse messene.

For han var velutdanna, og han la ned ein utruleg innsats for å skaffe seg ein attraktiv jobb i heimtraktene.

Joachim de Knagenhielm (1727-1796) frå Kaupanger var utdanna jurist då han i 1760, 33 år gamal, vart tilsett som fullmektig hos stiftsamtmannen i Bergen, Ulrik Fredrik de Cicignon (1698-1772), fortel historikar Aage Engesæter.

Han vart dermed den næraste medarbeidaren til stiftsamtmannen, og han vart ein fortruleg medarbeidar. Han avlasta de Cicignon med ein del av hans oppgåver, og det var stiftsamtmannen takksam for.

Sans for framfus sogning

De Cicignon var i 60-åra, han var lydhøyr for alt som kunne gje han ein rolegare kvardag, og han hadde sansen for den framfuse fullmektigen frå Sogn. de Knagenhielm kunne godt tenke seg å bli amtmann sjølv, og han gjorde framlegg om at han kunne overta ansvaret for forvaltinga av heile stiftsamtet bortsett frå tilhøvet til kyrkja.

Dermed sette han seg ned og skreiv brev til kongen i København i september 1762. Han argumenterte med at reiseavstandane var så lange og oppgåvene så mange at det var uråd å rekkje over alt for ein person.

Han tilbaud seg å arbeide gratis så lenge de Cicignon levde, og at han sjølv kunne arbeide frå Kaupanger, for å «være Almuen og de kongelige Betienter, samt Tingene, mere nær». Men det gjorde ikkje inntrykk i København. Heller ikkje hjelpte det at han sjølv tok turen til København.

Gav seg ikkje

Men de Knagenhielm gav seg ikkje. I juni 1763 sende han eit nytt brev. Denne gongen kom han med eit alternativt framlegg om å dele Bergens Stiftsamt i to, og at han sjølv skulle bli amtmann i den nordre delen.

Her gjekk han grundig inn på kor tungvint det var å ta seg fram frå Bergen til dei nordlege fogderia: «Saa at naar man for Exempel skal reyse fra Bergen til Indre Sogns Fogderie, maa man passere den lange Sognefiord, og dernest reyse den samme Fiord, den samme Vei tilbage, derpaa omkring Havkanten, og saa endeleg innad til Sundfiords».

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger Hovedgård før 1850

SLIK SÅG DET UT: Kaupanger Hovedgård før brannen i 1850.

Kongen sa ja

Og denne gongen fekk han svar, kongen i København sa i ein kongeleg resolusjon i september 1763 ja til det alternative framlegget. Dermed fekk han ansvaret for eit stort område som med den tids kommunikasjonar tok lang tid å nå over.

Difor er det kanskje litt spesielt at han valde å slå seg ned på Kaupanger Hovedgård , der han hadde vakse opp, mange dagsreiser frå den nordvestre delen av amtet, som fekk namnet Nordre Bergenhus Amt. Det høyrer med til historia at han var ugift, og vonde tunger ville ha det til at han hadde så sterk morsbinding at det var difor han gjorde Kaupanger Hovedgård til base for amtet.

– Ingenting tyder på at fogderia Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn vart gjort til eitt amt fordi dei utgjorde ei naturleg eining, eller hadde noko slags indre fellesskap, seier historikar Aage Engesæter. Den geografiske eininga som vart Nordre Bergenhus Amt må seiast vera temmeleg vilkårleg.

Måtte flytte til Nordland

Frå Kaupanger Hovedgård styrde de Knagenhielm amtet fram til 1771. Då vart han flytta over til Nordland «af Hensyn til hans Families store Eiendomme i Distriktet». I Nordland var han amtmann til 1789.

Mannen som tok over som amtmann i Nordre Bergenhus, Magnus Theite, fann ut at han ville bu i Bergen. Og frå Bergen vart amtet styrt heilt fram til 1840, då Christian Ulrik Kastrup slo seg ned på Lærdalsøyri. I 1844 flytta amtsstyringa igjen til Kaupanger med den dåverande amtmannen, Hans Tostrup, i 1850 tilbake til Lærdalsøyri, før stafettpinnen i 1864 gjekk vidare til Leikanger kommune.

Derifrå har amtet/fylket vore administrert sidan, trass i eit par forsøk på å flytte administrasjonen til Førde.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

DAGENS HOVUDKVARTER: Fylkeshuset på Hermansverk.

Foto: Arild Nybø / NRK

Kjelde: Aage Engesæter og Johs, B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.