Hopp til innhold

Mann vil opne grav så fort som mogleg for å teste farskap

74-åring får opne grava der han meiner faren ligg gravlagt. Retten har no avklart av han får ta DNA-test for å bevise det.

Høyesterett

OPPHEVA DOM: Høgsterett valde å oppheve domane frå tingretten og lagmannsretten. Tingretten var så einig med Høgsterett og anken til lagmannsretten vart avvist.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det skriv Bergens Tidende i dag. For fire år sidan døde ein mann på sjukeheim, og den 74 år gamle mannen melde seg som arving til mannen si million-formue.

Då starta ein lang strid mellom mannen og den avdøde sine tre nevøar og nieser. Dei var i utgangspunktet dei einaste arvingane.

74-åringen vart i to rettsrundar nekta å opne grava for å hente DNA-materiale, men i fjor sommar kom Høgsterett til det motsette. Men saka var likevel ikkje avgjort.

Lang kamp i retten

Saka gjekk tilbake til tingretten, som var einige med Høgsterett. Dei tre slektningane anka til Gulating lagmannsrett, men anken vart avvist. Fristen for å klage lagmannsretten si ankenekt inn for Høgsterett gjekk nyleg ut, utan at slektningane hadde kome med noko anke.

Det betyr at mannen kan hente DNA frå grava for å få svar på om mannen som ligg gravlagt er faren hans.

– Han ønskjer å opne grava så for som mogleg. Dersom han er sonen er det naturleg at han får sin del av arva, seier mannen sin advokat, Pål Sverre Hernæs, i Help forsikring.

Vil kjempe vidare

Slektningane kjem til å kjempe vidare for å unngå at onkelen si grav vert rørt.

– Den saksøkte, juridiske part er død og gravlagt og kan ikkje forsvare seg. Vi er blitt rettsforfølgt utan å ha vore part i denne saka på noko tidspunkt, seier nevøen til avisa.

Dei siste rettsrundane har slektningane representert seg sjølv. Heile saka har vore prega av feil sakshandsaming og feil lovtolking, meiner dei.