Hopp til innhold

Mann tiltalt for overgrep mot sovande kvinne

Ein mann frå Møre og Romsdal er tiltalt for eit seksuelt overgrep mot ei kvinne i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane tingrett

HIT: Saka kjem opp i retten i januar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen, som er i slutten av 20-åra, skal ha forgripe seg på kvinna medan ho sov.

Hendinga skal ha skjedd i Stryn i sommar. Dette skriv Sunnmørsposten.

Statsadvokaten har teke ut tiltale mot mannen. Forholdet, som har ei strafferamme på seks år, gjeld seksuell omgang med ei kvinne som sov og var ute av stand til å motsetje seg handlinga, skriv avisa.

Ifølgje tiltalen skal handlinga ha skjedd i Stryn ei natt i juni i år.

Saka kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett i januar.