Hopp til innhold

Skal ha trua med å ta livet av både ekssambuaren og deira ufødde barn

Ein mann frå Sunnfjord skal ha drapstrua både ekssambuaren og deira felles, ufødde barn. No risikerer han fengsel i seks år for langvarig og omfattande vald.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Mannen har sete varetektsfengsla sidan i vår i den alvorlege valdssaka som over nyttår kjem opp i Fjordane tingrett.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Mi erfaring er at det ikkje er alltid at slike saker blir behandla så grundig som denne. Min klient er letta og glad for at politiet har teke saka på alvor, seier kvinna sin advokat, Anne Thea Wolland Totland, til NRK om den alvorlege tiltalen.

Påtalemakta meiner mannen over ein periode på to og eit halvt år utøvde jamleg vald mot kvinna. Også medan ho gjekk gravid med barnet deira.

Skildra som mishandling

Mannen skal ifølgje tiltalen ha teke kvelartak på kvinna, skalla til henne, dratt henne etter håret og også sparka mot kroppen og hovudet hennar.

Han skal ha framsett truslar om å drepe kvinna, knuse kvart bein i kroppen på henne. Ifølgje tiltalen trua han også med å drepe både henne og barnet medan ho gjekk gravid:

  • Få månader ut i svangerskapet skal han ha slått kvinna i magen.

  • Medan ho gjekk høggravid skal han ha teke kvelartak og slengt henne i veggen, skalla henne i ansiktet og halde ei pute framfor ansiktet hennar så ho ikkje fekk puste.

  • Han skal ha halde det ei veke gamle barnet på strak arm med ei hand, samstundes som han kasta kvinna i veggen og skalla til henne medan han sa «Vi slår ikkje, vi brukar hovudet».

Også etter at forholdet var slutt vart kvinna ifølgje tiltalen utsett for vald og truslar. Ved eitt høve skal han ha teke kvelartak på kvinna til ho svima av. Deretter kasta han henne mot ein bil. Då kvinna på nytt vart gravid, trua han med å drepe både henne og barnet.

– Mishandlinga er grov idet valden har vart over lengre tid, då den er utøvd mot fornærma medan ho var gravid, den har karakter av mishandling og fornærma har fått psykiske reaksjonar i ettertid, skriv statsadvokat Jogeir Nogva i tiltalen.

Nekta straffskuld

Det er Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane som stadsadvokatembeter som har teke ut tiltalen mot mannen som har site varetektsfengsla sidan i vår.

Saka blir aktorert av politiadvokat Inger Beth Fosse ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Ho vil ikkje kommentere saka. Forsvarar Robert Fonn seier mannen nektar straffskuld etter tiltalen.

Trua med ladd pistol

Mannen står ikkje berre tiltalt for vald mot sin tidlegare sambuar. Fleire personar i omgangskrinsen hennar skal ha blitt utsett for lekamskrenking. Politiet meiner han gjennom handlingane avgrensa fridomen til kvinna.

Etter at forholdet mellom dei to var slutt, trua han mellom anna ein mann med ladd pistol mot tinningen for å få ei stadfesting på at han hadde hatt eit forhold til kvinna.

Det er sett av fem dagar til saka når den kjem opp i tingretten.