Hopp til innhold

Øydela røykvarslarar og tende opp bål inntil husveggen – no må mannen i retten

Ein mann i 30-åra er tiltalt for brannstifting etter eit branntilløp i Florø i romjula i fjor. – Min klient hevdar derimot at han prøvde å sløkkje brannen, seier forsvarar Stig Nybø.

Brann bål utanfor hus

BRANN: Naudetatane rykte ut etter melding om brann ved eit leilegheitskompleks i Flora i romjula i fjor.

Foto: Truls Kleiven

Tre bebuarar vart evakuerte du det byrja å brenne oppetter veggen til eit leilegheitskompleks natt til 29. desember i fjor.

Mannen i 30-åra vart pågripen og sikta etter straffelovas paragraf 148, den såkalla mordbrannparagrafen. Denne er no nedjustert til brot på straffelova paragraf 151.

– Den skil seg frå mordbrannparagrafen ved at skuldkravet er aktlaust, og at det gjeld i dei tilfelle der ein aktlaust har voldt brann der menneskeliv lett kunne gått tapt, seier politiadvokat Trine Erdal.

Øydela røykvarslarar

Politiet meiner mannen, som sjølv budde i huset, fjerna eller øydela fleire røykvarslarar før han sette fyr på eit bål som stod inntil husveggen. Det kom røyk inn i leiligheitene. Brannen vart sløkt etter nokre få minuttar.

Ingen vart skadde i hendinga.

– Tre bebuarar som oppheldt seg i huset kunne lett mista livet dersom brannen ikkje var blitt oppdaga og sløkt, står det i tiltalen.

Mannen vart varetektsfengsla i to veker etter hendinga. I orskurden kom det fram at politiet fann leidningar, telys og papirposar i leilegheita hans, samt at han hadde fyrstikker på seg og var sotete då han vart pågripen.

Setje seg imot evakuering

Politiadvokat Erdal seier at dei ut frå ei vurdering av dei samla bevisa i saka har valt å tiltale mannen for ei langt mildare handling enn siktinga.

Strafferamma er fengsel i inntil tre år, mot mellom to og 21 år etter paragraf 141.

– For å ta ut tiltale så må påtalemakta vere overbevist om den tiltalte si straffskuld, og den må også bevisast i retten, seier Erdal.

I tillegg til brannstiftinga, og skadeverk på røykvarslarane, er mannen tiltalt for å ha kasta ein hammar etter ein politibetjent då han skulle evakuerast.

Nektar straffskuld

Advokat Stig Nybø

FORSVARAR: Advokat Stig Nybø representerer den tiltalte mannen.

Foto: Kristine Folland / NRK

Forsvarar for mannen, advokat Stig Nybø, seier klienten hans nektar for å ha tent på bålet. Han hevdar derimot at han prøvde å sløkkje brannen.

– Det er vitne som har sett han med brannapparat, seier Nybø.

– Dette er forhold som vil bli omhandla under hovudforhandlinga 15. til 17. desember, svarer Erdal.

Tidlegare straffedømt

Den tiltalte er straffedømt fleire gonger før. Mellom tiltalepunkta han i midten av desember må svare for i Fjordane tingrett, er også bruk av narkotiske tablettar, samt oppbevaring av fire sobriltablettar.

Mannen skal også ha teke ein myntboks frå eit bustadhus.