Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter slåsting

Ein mann i 30-åra vart i natt lagt inn på Førde sentralsjukehus etter ein slåstkamp i eit byggefelt i Førde.

Politiet rykte rundt midnatt ut til ein bustad i Førde etter at dei hadde fått melding om at nokon hadde roke i tottane på kvarandre.

Ein person, ein mann i 30-åra, vart send til sjukehus med kuttskadar. Mannen fekk behandling, og har ifølgje politiet blitt liggande på sjukehuset til overvaking over natta.

– Dei to mistenkte er arresterte, det er menn i 20-åra, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt i Florø.

Kva som skjedde i forkant av slåstinga veit politiet førebels lite om. Det var fleire vitne til hendinga.

– Det vil bli gjort ein del avhøyr i løpet av dagen, seier operasjonsleiaren.

Dei involverte skal vere personar som er kjent frå politiet frå tidlegare. Saka blir etterforska utover dagen av Førde lensmannskontor.