Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter forlis

Ein mann er send til sentralsjukehuset i Førde etter at båten hans forliste like ved Nessane i Balestrand.

Båt forliste ved Nessane i Balestrand

– Han har nok drive rundt nokre timar. Vi fekk melding om ein våt og kald mann, seier operasjonsleiar i politiet, Inge Værøy.

Like før klokka halv ti fekk politiet melding om ein våt og kald mann som var teken hand om ved Nessane i Balestrand.

Torsdag kveld la mannen i 50-åra ut på båttur i ein mindre, open fritidsbåt med påhengsmotor. Ute på fjorden fekk han motorstopp, og kom seg først nær land fredag morgon.

– Han har vore i vatnet i samband med at han prøvde å kome seg inn til land. Båten ligg ikkje heilt inne i fjæra, den ligg eit stykke ute på nokre skjær og steinar. Vi kjenner ikkje til kor lenge han har vore i båten, seier Værøy.