Hopp til innhold

Mann svindla NAV for 400.000 kroner

Ein sogning i 60-åra fekk utbetalt 400.000 kroner for mykje av NAV. No må han jobbe 90 timar for samfunnet.

I perioden mellom februar 2006 og desember 2007 fekk han utbetalt 405.749 kroner i dagpengar utan å ha krav på det. Han sendte inn meldekort til NAV sjølv om han kvar veke utførte gardsarbeid.

Aktor ville ha mannen i fengsel i åtte månader, men Sogn tingrett har dømd mannen til 90 timar samfunnsstraff.

Arbeidde 20 timar i veka

NAV fekk kjennskap til tiltalte sitt arbeid på garden ved at det vart omtalt i ei lokalavis.

Saksbehandlaren hos NAV tok då kontakt med tiltalte, og varsla at dagpengane ville bli stansa.

Mannen skal ha arbeidd rundt 20 timar på garden i veka.

Grovt bedrageri

Tiltalte har blitt pålagt å betale tilbake dagpengane, men skuldar framleis rundt 140.000 kroner.

Tiltalte skreiv på meldekortet at han ikkje hadde arbeidd i det heile. Men dette stemmer ikkje. Retten meiner difor han har fått dagpengar på uriktig grunnlag.

Han er dømd for grovt uaktsomt bedrageri.